Laptevhavet
Laptevhavet (russisk море Лаптевых, more Laptevykh) er eit randhav i Nordishavet. Det ligg mellom austkysten av Sibir, Tajmyrhalvøya, Severnaja Zemlja og Nysibirøyane. I nord grensar havet til ei linje som går frå Kapp Arktis ved 79°N og 139°E til Kapp Anisij. Karahavet ligg i vest og Aust-Sibir-havet i aust. Laptevhavet har eit areal på om lag 672 000 km² og seglbart i august og september då det er mindre is enn resten av året.
![](http://178.128.105.246/cars-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f0/Laptev_Sea_map.png/220px-Laptev_Sea_map.png)
Laptevhavet er kalla opp etter dei russiske utforskarane Dmitrij Laptev og Khariton Laptev. Tidlegare vart havområdet kalla Nordenskjoldhavet eller Nordenskiöldhavet (russisk море Норденшельда; more Nordensjelda), etter den svenske polforskaren Adolf Erik Nordenskiöld.[1]
Elva Lena, med det store deltaet sitt, og Olenjok munnar ut i Laptevhavet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Laptev Sea» frå Wikipedia på engelsk, den 8. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Colliers Encyclopedia
Bakgrunnsstoff
endre- Økologi Arkivert 2006-09-30 ved Library of Congress Web Archives
- Publiseringar frå Alfred Wegner institutt (AWI) Berichte zur Polar- und Meeresforschung Arkivert 2008-09-20 ved Wayback Machine..