Kruševac
Kruševac (serbisk Крушевац) er ein by og ein kommune i Serbia. I 2002 hadde sjølve byen 75 256 innbyggjarar, medan kommunen hadde 149 732. Kruševac er det administrative senteret i Rasina distrikt.
Kruševac | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Serbia | |
Region | Sentral-Serbia | |
Distrikt | Rasina | |
Grunnlagd | 1371 | |
Borgarmeister | Dragan Azdejković | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
854 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2002) - folketettleik - Byområde |
149 732 175,3 /km² 75 256 | |
Koordinatar | 43°35′0″N 21°19′0″E / 43.58333°N 21.31667°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 37000 | |
Retningsnummer (tlf) | www.krusevac.org.rs | |
Bilnummer | KŠ |
Historie og monument
endreKruševac vart grunnlagd i 1371.[1] Det var i Kruševac at den serbiske adelsmannen Lazar, samla ein serbisk hær mot Det osmanske riket i slaget ved Kosovo i 1389. Ruinane av palasset hans er framleis synleg i dag. Her står òg ei kyrkje frå same periode med vakre rosevindauge og skulpturar av påfuglar, drakar og ørner på veggane. Fleire gamle, tyrkiske hus finst framleis i byen, mellom anna ei tyrkisk fontene og eit bad.
Det finst òg eit stort monument tileigna slaget i Kosovo (Бој на Косову, Boj na Kosovu). Som ein del av monumentet finst ein statue av den kjende serbiske diktaren og «gusle»-spelaren Filip Višnjić.
Galleri
endre-
Klokketårn
-
Mellomalderruinar i Kruševac.
-
Kruševac panorama.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kruševac» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: