Paraíba

delstat i Brasil

Paraíba er ein delstat nordaust i Brasil og grensar til delstatane Rio Grande do Norte i nord, Pernambuco til sør og Ceará til vest. I delstaten ligg Ponta do Seixas som er det austlegaste punktet på det amerikanske kontinentet og vendar mot Atlanterhavet. Paraiba dekker eit område på 56 585 km².

Paraíba
delstat
Flagg
Symbol
Land  Brasil
Del av nordaustregionen i Brasil
Areal 56 584,6 km²
Folketal 4 025 558 (2017)[1]
Kart
Paraíba
7°09′00″S 36°49′00″W / 7.15°S 36.816666666667°W / -7.15; -36.816666666667
Wikimedia Commons: Paraíba

Hovudstaden er João Pessoa. Dei viktigaste byane er João Pessoa, Campina Grande, Santa Rita, Patos, Sousa, Cajazeiras og Cabedelo. Paraíba sin høgdeprofil er moderat, men ikkje veldig låg; 66 % av området ligg mellom 300 og 900 meter over havet.

Paraíba, Piranhas, Taperoá, Mamanguape, Curimataú, Peixes og Sanhauá er dei viktigaste elvene.

Klima

endre

Kysten har eit tropisk regnklima med mykje regn, særleg i vinterperioden (april til august). Klimaet endrar seg innover i landet, der det blir delvis steppe-landskap med lange tørkeperiodar.

Økonomi

endre

Økonomien i Paraíba er tufta på landbruket (sukkerrøyr, ananas, maniok, mais og bønner), på industrien (matraffinering, tekstil og framstilling av alkohol av sukker), kvegdrift (i det siste meir geiter i Cariri-regionen) og turisme. Paraíba har store arrangement som er godt kjende i Brasil og trekker mange turistar: Den største São João i verda samt Micarande (karneval utanfor det offisielle tidspunktet) med kjende brasilianske musikarar.

Historie

endre

På midten av 1500-talet etablerte portugisiske nybyggarar frå Pernambuco ei busetting ved munningen av Paraíbaelva som fekk namnet Filipéia de Nossa Senhora das Neves. Dette er i dag delstatshovudstaden João Pessoa.

Området viste seg snart veleigna for dyrking av sukkerrøyr, og franske, hollandske og portugisiske kolonistar førte ein langvarig kamp for å få kontroll over sukkerproduksjonen. Blant anna blei festninga Santa Catarina reist nær João Pessoa for å verne byen mot hollendarane, som skulle syne seg som ein stor trussel mot det Portugisiske herredømmet i kolonien Brasil.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Paraíba