Hopp til innhald

Norheimsund: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
La til ein del, fjerna nokre tegn ikkje min nettlesar forstod. Endra link frå nb til no. Endra om lag 80 til 74.
Inkje endringssamandrag
Line 6: Line 6:


[[Sandven Hotel]] og [[Hardanger Fartøyvernsenter]] ligg i Norheimsund.
[[Sandven Hotel]] og [[Hardanger Fartøyvernsenter]] ligg i Norheimsund.
Avisa ''Hordaland Folkeblad'' vert gitt ut i Norheimsund.


I 2003 budde det 2 112 menneske i Norheimsund.
I 2003 budde det 2 112 menneske i Norheimsund.

Versjonen frå 26. mai 2005 kl. 23:54

Norheimsund er kommunesenteret i Kvam herad i Hordaland fylke. Bygda ligg 74 km (ein time køyring med bil) frå Bergen langs riksveg 7 på nordsida av Hardangerfjorden. Ein av dei best kjende fossane i landet, Steinsdalsfossen (eller eigentleg Øvsthusfossen), ligg ved Norheimsund.

Norheimsund er handelssenteret i ytre Hardanger, og her er det om lag 50 butikkar og tilbod innan dei fleste områda. Norheimsund er også eit trafikknutepunkt, og har båtruter mot Utne og Odda, bussruter mot Bergen, mot Voss, og mot Tørvikbygd, Jondal og Kvinnherad.

Kvam herad fekk tettstadsprisen 2000 for sitt arbeid med sjøfronten i Norheimsund. Her er det gjestekai med service-bygg, ny kaipromenade, og det er lagt ned eit stort sjakkbrett i skifer i eit amfi.

Sandven Hotel og Hardanger Fartøyvernsenter ligg i Norheimsund. Avisa Hordaland Folkeblad vert gitt ut i Norheimsund.

I 2003 budde det 2 112 menneske i Norheimsund.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.