Hopp til innhald

StormGeo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. mars 2010 kl. 09:58 av Verdlanco (diskusjon | bidrag) (Det heiter vel Nord Pool, ikkje Norpool)

StormGeo, tidlegare Storm Weather Center og ofte berre kalla Storm, er eit privat vêrselskap med hovudkontor i Bergen og blei starta opp av Siri Kalvig i 1998. Storm leverte sitt første vêrvarsel til TV2 1. april 1998, og var det første private vêrselskapet i Skandinavia. Selskapet har vore i rask vekst, og er i dag det nest største private vêrselskapet i Europa, og eit av dei større i verda.

Storm har òg kontor i Oslo, Stavanger og København. I 2009 vart òg Storm Weather Center AB oppretta som eit eige selskap i Sverige med kontor i Stockholm og Storm Geo Ltd. i Storbritannia med kontor i Aberdeen. Alle desse er samla inn under StormGeo Group. Storm Weather Center endra namn til StormGeo i februar 2010 for å syne til at selskapet opererer innan geofysikk, som omfattar både meteorologi og oseanografi.

Vêrtenester

Storm leverer vêret for ei rekkje forskjellige bransjar, primært retta mot offshoreindustrien, energimarknaden og media.

Energimarknaden

Kraftbørsar som Nord Pool har svært stor nytte av å vite nedbør og temperaturforhold. I Skandinavia blir mykje av straumen produsert ved hjelp av vasskraft. Kor mykje nedbør som kjem dei neste dagane vil derfor gje eit estimat på kor mykje straum som kan produserast. I staden for å varsle nedbør i talet på millimeter leverer Storm ein nedbørsindeks som viser kor mange TWh (terawattimar) ein kan vente i forskjellige område av Skandinavia dei neste 10-14 dagane. Kraftbransjen er ikkje nødvendigvis oppteken av kortid regnet eventuelt kjem, men er meir oppteken av dei generelle trendane. Kor mykje nedbør som blir varsla dei neste dagane får ofte utslag på straumprisen. Energimarknaden nyttar temperaturvarsel for å estimere straumforbruket i Skandinavia. Lengre kuldeperiodar i område med mykje innbyggjarar (som Austlandet, Sør-Sverige og Danmark) kan presse straumprisen oppover.

I tillegg er varsling av vind og vindproduksjon i Skandinavia, Tyskland, Nederland og Storbritannia stadig viktigare, og Storm leverer vêrvarsel til mange vindmølleparkar i Nord-Europa, både på land og til havs.

Marin sektor

Innan offshoreindustrien er vêret svært viktig, og ofte står det millionar av kroner på spel når ein borerigg må «liggje å vente på vêret». Her er det i hovudsak vind og bølgjer, som er det viktigaste, men òg andre faktorar som sikt, nedbør og temperatur kan spele ei rolle. Forskjellig grad av vind og bølgjer er avgjerande for kortid ein må stoppe heisekranane på boreriggane, kortid tankbåtane kan kople til fortøyingane eller må kople frå, eller kortid produksjonen rett og slett må stoppast. I alle norske havområde kan bølgjene verte høge nok til at heile plattformer må kople frå boreutstyret og stoppe produksjonen eller at plattformene og riggane må nedbemannast på grunn av tryggleiksforhold. Stundom må offshoreaktørane utføre operasjonar som stiller særleg strenge krav til vêret, hovudsakleg at bølgjer og vind må vere under visse grenser over ein tidsperiode for at ein kan utføre visse oppgåver. Dette kan t.d. vere å flytte og setje på plass ein borerigg. Sidan vêret i norske havområde kan vere særs ustabilt, særleg i vinterhalvåret, stiller dette høge krav til varsla.

Temperaturen er kanskje aller viktigast i Barentshavet, der låge temperaturar kan føre til problem med ising. Tåke og tett nedbør kan til dømes hindre helikopter i å frakte mannskap til og frå boreriggane.

Storm leverer per i dag vêrvarsel til dei fleste offshoreaktørar på norsk sektor frå Nordsjøen til Barentshavet. Desse er mellom anna Statoil, BP, ENI, Marathon, Total og ExxonMobil. I tillegg er Shell kunde for heile britisk og nederlandsk sektor.

I tillegg leverer Storm varsel for vindmølleparkar til havs, har ein eigen oljedriftmodell som nyttast til å varsle kvar olja etter eit oljeutslepp vil ta vegen, og held observasjonskurs i meteorologi for offshorenæringa.

Flyvêr

Storm leverer varsel som helikoptertrafikken frå norsk og britisk sektor kan planlegge etter. Om vindretninga er frå særskilde retninga på ein oljeplattform, kan dette føre til turbulens som hindrar helikoptra i å lande. Dette, dårleg sikt, fare for torevêr, ising, kraftig turbulens og særs kraftig vind kan stoppe helikoptertrafikken, og vêrvarslar til Storm inngår i den logistiske planlegginga av helikoptertrafikken.

I tillegg leverer Storm rapportar etter flyhavari og til planlegging av framtidige flyplassar. Dette vert gjort ved hjelp av særs finskala vêrmodellar.

Telekom

Storm leverer vêrdata på både SMS, MMS og WAP. Utgangspunktet til desse tenestene er eit sjølvutvikla system kalla «Weather On Demand» (WOD), som gjer at ein kan få eit vêrvarsel for kva stad som helst i heile verda.

Internet

Mange av dei største norske nettstadane har ein vêrportal frå Storm, dette inkluderer dei fleste internettavisene på nettet. Desse tenestene er òg basert på WOD-systemet. Merk at vêret ein får for forskjellige stader i landet og elles i verda ikkje alltid stemmer med det ein kan sjå i papirutgåver av avisene eller på TV. Dette kjem av at WOD-systemet hentar vêrdata direkte frå ein datamodell utan at meteorologane har korrigert varselet, som dei som oftast gjer i varsla som går til TV og aviser. Årsaka til dette er at WOD-systemet i praksis har millionar av punkt ein kan hente ut varsel for, og at det med dagens teknologi ikkje er mogeleg å korrigere samtlege punkt. Om modellen då tar feil eller ikkje tar omsyn til lokale effektar, som gjerne meteorologane kjenner til, vil varselet kome ut feil. Særleg gjeld dette vind som ofte er avhengig av finskala lokal topografi som ikkje er oppløyst i modellane.

Media

TV2 er kanskje den mest profilerte mediekunden til Storm. I tillegg har dei ei rekkje lokal-TV-stasjonar, som sender på frekvensen til TVNorge i Noreg, samt fleire TV-stasjonar i utlandet. Av aviser i Noreg finn ein mellom anna regionsavisene Avisa Nordland, Aftenbladet Fædrelandsvennen, Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende og Adresseavisen, i tillegg til aviser i Sverige.

Forsking

Storm Weather Center har ein eigen forskningsstab som deltar i meteorologisk og teknisk retta forskning i heile verda. Storm har eit numerisk vêrvarslingsoppsett som er fullt operasjonelt på skalaer frå det lokale til det globale. Med desse modellane er Storm involvert i prosjekt med særlig fokus på:

Bakgrunnsstoff