Hopp til innhald

Kirgisistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 17. april 2010 kl. 16:03 av Verdlanco (diskusjon | bidrag)
Кыргыз Республикасы
(Kyrgyz Respublikasy)
Кыргызская республика
(Kyrgyzskaja respublika)

(norsk: Kirgisistan, kirgisisk)

Det kirgisiske flagget Det kirgisiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Den kirgisiske
nasjonalsongen
»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Kirgisistan
Offisielle språk Russisk og kirgisisk
Hovudstad Bisjkek
Styresett
Republikk
Sadyr Zjaparov
Flatevidd
 – Totalt
 
199 951 km² (86.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
5 789 122 (113.)
29 /km²
Sjølvstende
  – Erklært

Frå Sovjetunionen
31. august 1991
Nasjonaldag 31. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
19 810 mill. USD (140.)
3 400 USD (151.)
Valuta Kirgisisk som
Tidssone UTC +5
Telefonkode +996
Toppnivådomene .kg


Kirgisistan (kirgisisk Кыргызстан) er eit land i Sentral-Asia, «midt i verda». Det er eit innelukka fjelland med grenser til Kina, Kasakhstan, Tadsjikistan og Usbekistan. Førti prosent av landet ligg meir enn 3000 m.o.h. Hovudstaden er Bisjkek. Tidlegare var landet ein republikk i Sovjetunionen, og har vore uavhengig sidan 1991. Det unge demokratiet i landets viste positive framtidsutsikter under leiarskapen til tidlegare president Askar Akajev og var ganske stabilt i 1990-åra, men nærma seg seinare autokrati og autoritært styre. For tida er Kirgisistan i omvelting etter ein revolusjon og etter at president Akajev trakk seg 4. april 2005. Den politiske situasjonen i landet er for tida usikker.

Geografi

Kart over Kirgisistan

Kirgisistan er eit fjelland som ligg på nordsida av den store fjellkjeden Tian Shan. Dei kirgisiske fjella inneheld mykje gull og andre dyre metall. Det høgaste punktet i landet er fjellet Dzjengisj Tsjokusu (Pik Pobedy), som når 7 439 m.o.h. Det lågaste punktet er elva Kara-Darja, 132 m.o.h.

Den store, krystallklare sjøen Issyk-Kul, nordaust i landet, var i sovjettida eitt av dei framste turistparadisa i Sovjetunionen.

Klima

Dei høge fjellområda har snø året rundt, men på grunn av avstanden til havet og sidan Pamirfjella og Himalaya blokkerar monsunlufta frå sør, er desse fjellområda tørre. Det meste av snøen kjem i samband med svake lågtrykk frå vest om vinteren. Vintrane er kalde, men våren kjem tidlegare her enn lenger nord. Landet har ein normal årsnedbør på 300-400 mm.

Kultur

Utsyn over Bisjkek.

Hovudstaden i landet er Bisjkek, og var tidlegare Frunze. Ein annan stor by er Osj.

Innbyggjarar

Folketalet var i 1999 på 4,9 millionar. Ho består hovudsakleg av kirgisarar, eit tidlegare nomadefolk som stort sett vedkjenner seg islam. Andre folkegrupper er russarar, usbekarar og volgatyskarar.

Om lag tre fjerdedelar av innbyggjarane i landet er sunnimuslimar av hanafiretninga. Ein femtedel er ortodokse kristne.

Historie

Området blei russisk1860-talet. I samband med den russiske revolusjonen i 1917 gjorde kirgisarane opprør, og landet blei sjølvstendig fram til 1921, då området blei ein del av Sovjetunionen. Frå dette året til 1922 døydde over ein halv million innbyggjarar av svolt. Landet blei ein eigen sovjetrepublikk i 1936.

Då landet erklærte sjølvstende frå Sovjet i 1991 blei Askar Akajev president. Akajev leidde landet fram til 24. mars 2005, då, etter eit parlamentsval der Akajev blei anklaga for valfusk, ein rimeleg fredeleg revolusjon med tilnamnet «Tulipanrevolusjonen» tok frå han makta til fordel for Kurmanbek Bakijev.

Bakgrunnsstoff

Kjelder


Mal:Link AA