Hopp til innhald

Trillingbolle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Rosemåla trillingbolle av bjørk frå ein ukjend stad i Noreg. Han er truleg frå 1700-talet og kom til Norsk Folkemuseum med samlingane til kong Oskar II. Høgd ca. 3,5 cm.
Foto: Anne-Lise Reinsfelt, Norsk Folkemuseum, NF.1907-0369

Trillingbolle er eit drikkekar til øl med tre bollar skore ut av eitt stykke tre. Det er gjerne hol mellom bollane slik at ølet kan renna mellom dei. Det kan vera vanskeleg å drikka av trillingbollar utan å søla, og dei var brukt på 1700- og 1800-talet på bygdene i Noreg som «skjemtekar».

Det er funne liknande bollar av keramikk i flere europeiske jernalderfunn, og det er mogleg at desse har hatt ein rituell funksjon.[1]

Sjå òg

Kjelder

  1. Gjærder (1979) s.123 og s.179.

Litteratur

  • Gjærder, Per (1975): Norsk drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø.
  • Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo.