Hopp til innhald

Guang'an

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guang'an (gul) i Sichuan

Guang'an (forenkla kinesisk: 广安; tradisjonell kinesisk: 廣安; pinyin: Guǎng'ān) er eit byprefektur aust i provinsen Sichuan i Kina, som i sør grensar mot byprovinsen Chongqing. Byprefekturet har eit areal på 6 344 km², folketalet vart i 2004 berekna til 4,53 millionar.

Byprefekturet Guang'an omfattar eitt distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

Guang'an ligg langs kanten av Sichuansletta. Austdelen er fjellrik, den sentrale delen kupert, medan den vestlege delen er relativ flat. Høgda varierer frå 185 til 1 704 meter over havet. Dei største elvane er Qu som renn gjennom den midtre delen av Guang'an og Jialing som renn gjennom vestdelen.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 212 går gjennom området. Vegen tek til i Lanzhou i Gansu og fører sørover via Nanchong i Sichuan til han endar i Chongqing.

Deng Xiaoping var frå landsbyen Paifeng i Guang'an.