Hopp til innhald

Sanna Solberg-Isaksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sanna Solberg)
Sanna Solberg-Isaksen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juni 1990 (34 år)
Bærum kommune
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2016, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner

Sanna Charlotte Solberg-Isaksen (fødd 16. juni 1990) er ein norsk handballspelar som sidan 2017 spelar for danske Esbjerg. Ho har i tida 2014-24 vunne tre EM-gull, to VM-gull og eitt OL-gull med det norske landslaget. Pr august 2024 har ho delteke i 213 landskampar og skåra 408 mål. Kantspelaren er tvillingsyster til målvakta Silje Solberg-Østhassel.

Solberg spelte på Helset IF til 2010, då ho melde overgang til Stabæk IF i den norske toppserien. Sommaren 2014 flytta ho vidare til den suverene noregseinaren Larvik HK. Med Larvik-klubben vann ho NM-gull i 2014 og 2015, og vart seriemeister både i 2015 og 2016. I 2017 skreiv ho kontrakt med det danske topplaget Esbjerg.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

I juli 2010 var Solberg med på vinne junior-VM i handball. Same hausten, 21. september 2010, fekk ho sin landslagdebut mot Romania. Under handball-EM 2014 i Ungarn skåra ho mange mål frå venstrekanten, i ein meisterskap der Noreg kleiv til topps etter finalesiger 28-25 over Spania. Året etter var ho også med på det norske laget som vart verdsmeister under VM 2015. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro fekk ho auka medaljesamlinga med bronse, etter at Noreg tapte ein jamn semifinale mot Russland og deretter vann klart over Nederland i bronsefinalen.

Merittar landslag

[endre | endre wikiteksten]