Orvieto
Orvieto er ein by og ein kommune i provinsen Terni i Umbria-regionen, sentralt i Italia. Kommunen har 21 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 281,1 km². Sjølve byen Orvieto ligg 325 meter over havet på restane av ein vulkan, med bratte dalsider til alle kantar ned mot det kringliggjande landskapet.
![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/05/Panorama_di_Orvieto.jpg/220px-Panorama_di_Orvieto.jpg)
Etruskarar hadde tilhald på staden. Byen hadde si stordomstid i seinmellomalderen, då ei stor domkyrkje vart bygt. I dag er Orvieto kjend for sin vinproduksjon og for domkyrkja som er utsmykka med verk av mellom andre Andrea Pisano, Fra Angelico og Luca Signorelli.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Orvieto» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2013.