Hopp til innhald

Hovudside

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velkomen til Nynorsk Wikipedia
– eit fritt oppslagsverk som alle kan redigera.
I dag er det 22. juli 2024 (oppdater)


Nynorsk Wikipedia har no 170 016 artiklar


Monte Velino

Appenninane er ei fjellkjede som strekkjer seg 1000 km frå nord til sør langs austkysten av Italia. Ho går langs heile halvøya og dannar ryggraden i landet. Fjella har gjeve namn til Den apenninske halvøya (Den italienske halvøya), som utgjer mesteparten av Italia.

Appenninane er ei fortsetjing av den alpine fjellkjeda, men dei individuelle sonene i Alpane kan ikkje sporast inn i Appenninane. Fjella er stort sett dekte av grøn vegetasjon og skog, men den eine sida av den høgaste toppen, Corno Grande (2 912 m), er delvis dekt av den sørlegaste isbreen i Europa. Austsida som heller ned mot Adriahavet er bratt, medan vestsida dannar ei slette der dei fleste historiske byane i Italia ligg. Den totale lengda er om lag tusen kilometer og breidda er 80 til 140 km. Les meir …

Førre tre vekene:

Åndalsnes stasjonSanta María de ÓvilaKorint


Dagens skandinaviske artikkel
Stortingsmelding nr 85 (1951).

Utbyggingsprogrammet for Nord-Norge (Nord-Norgeplanen), var et program for årene 1952–1960 for å fremme industriutvikling i Nord-Norge.

Utbyggingsprogrammet var basert på tre virkemidler: Utbyggingsfondet for Nord-Norge skulle tilføre kapital. Det ble innført egne regler for skatt og avskrivning for regionen. Det kom ekstra bevilginger over statsbudsjettet til kraftutbygging, kommunikasjoner og bedre yrkesutdannelse.

Regjeringen anså på slutten av 1940-årene industrialisering og modernisering av Nord-Norge «ikke bare som en stor nasjonal oppgave og plikt, men som et tiltak av betydning for den vestlige verden […].» Utbyggingsprogrammet bygde på keynesiansk makroøkonomisk tenkning. Programmet skulle fremme næringer som landsdelen hadde naturlige forutsetninger for: Kraftkrevende industri, fiskeforedling og metall- og mineralutvinning. Det var viktig at investeringene skulle føre til økt eksport. Programmets overordnede mål var økt produktivitet og redusert arbeidsløshet, samt å redusere fraflyttingen fra landsdelen. ► Les mer her.

Systerprojekt
Commons
Felles medialager
Wikinytt
Frie nyhende
Wiktionary
Ordbok og synonymordbok
Wikifrasar
Frie sitat
Wikibøker
Frie bøker
Wikikjelda
Frie kjeldetekstar
Wikispecies
Artskart
Wikiversity
Frie læremiddel
Meta-Wiki
Wikimedia
Wikidata
Fri kunnskapsbase
Wikivoyage
Fri reisehandbok
Dagen i dag
Visste du at …
... sekund i gammal tid vart rekna som tida mellom to hjarteslag i kvile?
... astronomen Caroline Herschel var den første vitskapskvinna som fekk betalt for arbeidet sitt?
... Severnaja Zemlja, ei russisk øygruppe nord for Sibir med nokre av dei større øyane i verda, først vart oppdaga i 1913 og dermed vart det siste store landområdet som vart oppdaga på jorda?
... Píndosfjella også er kjende som «ryggraden til Hellas»?
... «spøkjelsestre» er hegg dekt av spinn frå heggspinnmøll?
Tilfeldige fakta frå nokre av artiklane våre
Temasider
Om Wikipedia
Wikipedia er det største prosjektet til stiftinga Wikimedia. Oppslagsverket er fritt til å bruka her og elles. Det baserer seg i stor grad på dugnad, både når det gjeld skriving og retting, og du er velkommen til å delta. To av utgåvene er på norsk; denne nynorske wikipediaen og Wikipedia på bokmål og riksmål med meir enn 600 000 artiklar. Wikipedia finst også på nordsamisk. Wikipedia er støtta av gåver frå brukarane sine, og me tek gjerne imot bidrag.

Grunnprinsipp Spørsmål og svar Hjelp Skriva Endra Arbeidskontoret Samfunnshuset Kontakt