Hopp til innhald

Papuaprovinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Irian Jaya)
Papua
provins
Symbol
Land  Indonesia
Hovudstad Jayapura
Areal 82 680,95 km²
Folketal 1 034 956 (2022)
Kart
Papuaprovinsen
2°30′S 138°30′E / 2.5°S 138.5°E / -2.5; 138.5
Wikimedia Commons: Papua (province)

Papua er ein indonesisk provins vest på Ny-Guinea (Vest-Papua). Han grensar til Papua Ny-Guinea i aust.

Papuaprovinsen fekk sitt noverande namn i 2002. Tidlegare heitte han Irian Jaya og før dette Vest-Irian eller Irian Barat. Provinsen Papua Barat eller Vest-Papua (tidlegare kalla Irian Jaya Barat) var tidlegare ein del av Papua, men blei skild ut som eigen provins i 2003.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Rapport frå Australian Broadcasting Corporation i 1995 om innverknaden av tilflytting utanfrå til Papua-provinsen.

Dei opphavlege innbyggjarane i provinsen er mange ulike folkegrupper, som amungme, asmat, bauzi, dani, kamoro, kombai, korowai, mee, sentani, yali og yei. Nokre av gruppene er utan kontakt med omverda.[1] Tilflytting frå andre delar av Indonesia, oppmuntra av koloni- og seinare av dei sjølvstendige styresmaktene, har ført til stor auke i innflytta folkegrupper.[2]

Sidan 1990-talet har folketalet i Papuaprovinsen auka kraftig, med ein årleg folkevekst på over 3 % har han gjennom mange år hatt den største folkeauken i Indonesia. Frå folketeljinga i 2000 til den i 2010 steig innbyggjartalet frå 1,9 til 2,9 millionar.[3] Auken kjem delvis av eit høgt tal barnefødslar per kvinne, men byggjer hovudsakleg på den høge tilflyttinga.

I folketeljinga frå 2010 rekna 83,15 % av Papua-innbyggjarar seg som kristne (65,48 % protestantar og 17,67 % katolikkar). 15,89 % var muslimar og under 1 % var buddhistar eller hinduar.[4] Mange papuanarar følgjer også animstiske tradisjonar.

Hovudstad og største by i provinsen er Jayapura. I tillegg til dei store indonesiske byane langs kysten finst også ei større innlandsbusetjing i og rundt Wamena i Palim-dalen i dei sentrale høglanda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Papuan Tribes». www.survival-international.org. Survival International. Arkivert frå originalen 29. juli 2009. Henta 15. juli 2017. 
  2. Dagur, Ryan (5 November 2014). «Indonesia's transmigration program threatens Papuans». Ucanews. 
  3. «Population growth ‘good for Papua’», The Jakarta Post, 23. august 2010
  4. Papua province - Population by Region and Religion

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Papuaprovinsen