Hopp til innhald

Amur oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amur oblast
Амурская oбласть
oblast
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Fjerne Austen
Del av Den fjernøstlige føderasjonskrets
Hovudstad Blagovesjtsjensk
Areal 361 913 km²
Folketal 781 846 (1. januar 2021)
Språk russisk
Tidssone UTC +9
Bilnummer 28
Kart
Amur oblast
53°33′00″N 127°50′00″E / 53.55°N 127.83333333333°E / 53.55; 127.83333333333
Wikimedia Commons: Amur Oblast

Amur oblast[a] er eit oblast søraust i Russland. Amur oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Hovudstaden i oblastet er Blagovesjtsjensk (Благовещенск). Det grensar til republikken Sakha i nord, Khabarovsk kraj i aust, Folkerepublikken Kina og elva Amur i sør og Tsjita oblast i vest. Oblastet ligg kring 8 000 km aust for Moskva på breidda av elvane Amur og Zeja.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Den einaste store byen er hovudstaden, Blagovesjtsjensk, med 214 400 ibuarar i 2010.[1]

Den etniske fordelinga er:[1]

Grupper av urfolk utgjer berre små minoritetar. Den største gruppa er evenkar, som utgjer 0,2 % av folketalet.[1]

  1. russisk Амурская oбласть Amurskaja oblast
  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Amur oblast
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.