Hopp til innhald

Arrondissement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser dei 20 arrondissementa i Paris.

Arrondissement (fransk, frå arrondiss, av arrondir, ‘gjera rund’)[1] er ei administrativ inndeling som vert brukt i Frankrike og dei fleste tidlegare franske koloniane. Ho vert òg brukt i ein del fransktalande land, som Belgia, Sveits,[2] Benin, Canada, Haiti, Marokko og Senegal. Nederlandskspråklege land kan nytta «arrondissement» om ei juridisk inndeling.

Ein by, kommune eller eit departement kan vera delt inn arrondissement.[1]

Frankrike er delt inn i 332 arrondissement, der 3 av dei er oversjøiske (2024). Dei tre mest folkerike kommunane i Frankrike er delte inn i til saman 45 arrondissement – Paris har til dømes 20 arrondissement, og desse fungerer som ein slags bydelar.

  1. 1,0 1,1 Speake, Jennifer; LaFlaur, Mark (1999). «arrondissement» (på engelsk). Oxford University Press. 
  2. «arrondissement» i Store norske leksikon, snl.no.
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.