Hopp til innhald

Dolganarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dolgansk mann

Dolganarar (russisk Долганы; Dolgan: Долган, Дулҕан Dulğan, Һака (Sakha); sakha тыа-киһи) er ei folkegruppe som hovudsakleg held til i Krasnojarsk kraj aust i Russland. Dei stammar frå fleire grupper, særleg evenkar,[1] og er rekna som ei av dei små urfolksgruppene i Nord-Russland. Folketeljinga i 2010 talde 7 885 dolganarar. Av desse budde 5 517 i det tidlegare Tajmyr autonome okrug.

Det dolganske språket er dolgansk,[2] som er nært i slekt med sakha.[1] Folkegruppa tok i bruk eit tyrkisk språk ein gong etter 1700-talet.[1]

Dolgansk kvinne i Dudinka.

På 1600-talet heldt dolganarar til i områda kring elvane Olenjok og Lena. Dei flytta til det noverande området sitt, Tajmyr, på 1700-talet.[3] Dolgansk identitet byrja å tre fram på 1800- og det tidlege 1900-talet, under påverknad frå tre grupper som flytta til Krasnojarsk-området frå Lena- og Olenjok-regionen: Evenkar, sakhafolk, enetsar og såkalla tundrabønder (зату́ндренные крестья́не, zatúndrennye krest’jáne).

Kultur og levesett

[endre | endre wikiteksten]

Dolganarane levde opphavleg som nomadar som livnærte seg gjennom jakt og reindrift. Under sovjettida blei dei nøydde til å bli bufaste og skipa kolkhozar (landbrukskollektiv) der dei i tillegg til den tradisjonelle levemåten dreiv med reinsdyravl, fiske, mjølke- og grønsakproduksjon.

Mange dolganarar følgjer gamle sjamanistiske livssyn; men dei fleste er påverka av ortodoks kristendom.

Kjende dolganarar

[endre | endre wikiteksten]
  • Ogdo Aksionova, diktar, rekna som grunnleggjar av dolgansk skriftleg litteratur
  1. 1,0 1,1 1,2 «Dolgan people». Encyclopaedia Britannica. Henta 3. juli 2020. 
  2. Hickey, Raymond (14 May 2012). The Handbook of Language Contact. John Wiley & Sons. s. 728. ISBN 978-1-4443-1816-6. Henta 26 August 2012. 
  3. Akiner, Shirin (1986). Islamic Peoples of the Soviet Union (with an Appendix on the Non-Muslim Turkic Peoples of the Soviet Union). London: Kegan Paul International. s. 420–423. ISBN 0-7103-0188-X.