Hopp til innhald

Francis Lee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francis Lee
Fødd 29. april 1944
Fødestad Westhoughton
Død 2. oktober 2023
Dødsstad Manchester

Francis Henry Lee (29. april 19442. oktober 2023) var ein engelsk fotballspelar og forretningsmann frå Westhoughton i Lancashire. Han vart ligameister 1968, FA-cupvinnar 1969 og vinnar av cupvinnarcupen 1970 med Manchester City, og ligameister 1975 med Derby County. I tida 1968-72 spelte han 27 landskampar for England.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Etter nokre sesongar med Bolton Wanderers i 2. divisjon vart Lee i 1967 overført til Manchester City. I sin fyrste sesong med laget frå Manchester vart han ligameister og året etter den 26. april 1969 sigra laget hans 1-0 over Leicester City i FA-cupfinalen på Wembley stadion i London. Våren 1970 sikra Manchester City seg ligacupokalen med finalesiger 2-1 over West Bromwich etter ekstraomgangar, og den 29. april, på 26-årsdagen til Lee, sende han med eit straffespark laget sitt opp i leiing 2-0 i finalen i cupvinnarcupen mot Górnik Zabrze, ein kamp som enda 2-1. Sommaren 1974 signerte Lee for Derby County. Også med Derby vart han ligameister i sin fyrste sesong, og att på til toppskårar i ligaen. Han la opp i 1976.

Lee fekk sin debut på Englands landslag i desember 1968. Han deltok i tre kampar under VM i fotball 1970 i Mexico, utan å kom på skåringslista. Lee spelte sin 27. og siste landskamp på 28-årsdagen i 1972. Han skåra då Englands mål i EM-kvartfinalen mot Vest-Tyskland som enda med vesttysk triumf 3-1. I alt skåra Lee 10 landslagsmål.

Forretning[endre | endre wikiteksten]

Etter han la opp som idrettsutøvar bygde Francis Lee opp F.H. Lee Ltd, eit firma innafor toalettrull-næringa som gjorde han til mangemillionær.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]