Hopp til innhald

Gautier de Coincy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Coincy (til venstre) i ein illustrasjon frå 1327.
Side frå Les miracles Nostre Dame. Utgåva er frå 1328-1332.

Gautier de Coincy (117725. september 1236) var ein fransk abbed, trouvère (trubadur) og musikkarrangør. Han er særleg kjent for truskapen sin til jomfru Maria.

Medan han var prior i Vic-sur-Aisne samla han Les Miracles de Nostre-Dame, der han sette dikt som lovprisa jomfru Maria til populære melodiar og songar i samtida. Det er eit ærefryktig men også humoristisk verk, fullt av kjærleik til jomfru Maria-kulten. Jomfrudyrkinga fekk på denne tida òg merksemd frå heilage Bernard av Clairvaux, som var den førande talsmannen i mellomalderen for dyrking av jomfrua som motvekt mot den strengare kristne skolastikken, som var den dominerande åndelege krafta på den tida.

Til skilnad frå dei meir alvorlege tekstane til Clairvaux, har boka til de Coincy, sjølv om han har mykje av den same ideologiske grunnlaget, ei meir ettergjevande eller ømhjarta tilnærming. Mange av songane de Coincy skreiv var sette til populære balladar som då var på mote ved hoffet, eller tok melodiar frå pastorale eller romantiske songar. Les Miracles de Nostre-Dame er eit av dei mest populære verka i marialitteratur frå denne perioden, og omfattar ei særleg samling av kristne verdiar som såg Jomfru Maria som å omfatta dei mest velvillige og humanistiske aspekta av frelse, forbønn og miskunn. Mange av songane handlar om dei viktigaste elementa i det jordiske livet til Jomfrua - unnfanginga og fødselen hennar, barndommen, ungdommen i Tempelet, hendingane som er omtalte i evangelia og innsomninga hennar (Dormition).

Mykje av musikken til de Coincy blir framleis framført og spelt inn, mellom anna av The Harp Consort.

Innspelingar av verka til Gautier de Coincy

[endre | endre wikiteksten]
  • The Harp Consort, Andrew Lawrence-King, regissør: Miracles of Notre-Dame (Harmonia Mundi USA)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]