Gyda Gram
Gyda Gram | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. november 1851 Eidsvoll kommune |
Død |
3. november 1906 (54 år) |
Yrke | kunstmålar |
Gyda Gram på Commons |
Gyda Gram (20. november 1851–3. november 1906) var ein norsk kunstmålar.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Gyda Gram var fødd Dahm i Eidsvoll som dotter av Anneken Lovise Pehrson og distriktslege Jacob Christian Dahm.
I åra 1872–1874 var ho elev ved Knut Bergsliens malarskule, før ho reiste til München, der ho i 1874–1875 var elev av Lambert Linder. I München delte ho bustad med Harriet Backer. I denne perioden bar bilda hennar preg av inspirasjon frå nederlandsk gullalderkunst.
Ho gifta seg 17. juni 1876 i Kongsberg[1] med trelasthandlar og konsul Carl Gram, ein bror av kunstnaren Andrea Gram.[2] Dei fekk ingen barn.
Etter at Gram gifta seg var ho busett i Drammen, der ho same år arrangerte ein «allgemeine Münchenermiddag – der [folk kom] sammen fra alle Verdens Hjørner – fra Drammen, Kongsberg og Chr.a», som ein av gjestene, målaren Eilif Peterssen, skreiv i eit brev. Her var òg Harriet Backer tilstades.[3]
Fram til mannen hennar døydde i 1897 var Gyda Gram mindre produktiv. Ho utførte fleire familieportrett, og uttrykket hennar fekk eit lysare preg, med ei lettare penselføring.
Etter at ho blei enke, hadde ho to opphald i Paris rundt hundreårsskiftet. Produksjonen hennar blei større, og ho utførte fleire landskapsbilde og elegante og dyktig gjennomførte portrett. Ho heldt si fyrste separatutstilling i Drammens Kunstforening i 1903, men ho måtte snart gje opp det vidare arbeidet på grunn av svekka syn.
Gyda Gram var medlem av komiteen for Drammensutstillingen i 1901, og i 1902 var ho med på å stifta Drammens og Oplands Husflidsforening, der ho òg var medlem av det fyrste styret. Ho komponerte òg mønster for foreininga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Norway Marriages, 1660-1926", database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW7Y-TG6 : 20 February 2020), Gyda Dahm in entry for Karl Sofus Lars Johan Fredrik Gram, 1876.
- ↑ Alsvik, Henning (1967). Drammens kunstforening. Drammen kunstforeningen. s. 93.
- ↑ Kielland, Else Christie (1958). Harriet Backer. Aschehoug. s. 56.
- Denne artikkelen bygger på «Gyda Gram» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juni 2022.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wichstrøm, Anne (1983). Kvinner ved staffeliet. Universitetsforlaget. s. 152. ISBN 8200066444.
- Norsk kunstnerleksikon. Universitetsforl. 1982. s. 762. ISBN 8200056899.