Hjartestans
Utsjånad
![](http://178.128.105.246/cars-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/20/US_Navy_040421-N-8090G-001_Hospital_Corpsman_3rd_Class_Flowers_administers_chest_compressions_to_a_simulated_cardiac_arrest_victim.jpg/220px-US_Navy_040421-N-8090G-001_Hospital_Corpsman_3rd_Class_Flowers_administers_chest_compressions_to_a_simulated_cardiac_arrest_victim.jpg)
Hjartestans er nemninga på ein tilstand der blodsirkulasjonen i kroppen opphøyrer gjennom at pumpefunksjonen til hjartet opphøyrer. Hjartestans dekker over fleire ulike tilstandar:
- ventrikkelflimmer, som inneber at det ikkje er noka elektrisk styring av muskelcellene i hjartekammera, noko som fører til at dei trekkjer seg saman uavhengig av kvarandre,
- asystoli, som inneber at det ikkje er nokon elektrisk aktivitet i cellene,
- pulslaus ventrikulær tachycardi, som inneber at hjartekammera pumpar så hurtig, og ute av takt med forkammera, at dei ikkje blir fylla ordentleg med blod,
- pulslaus elektrisk aktivitet, der den elektriske aktiviteten er normal, men cellene av ulike årsaker ikkje reagerer.
Hjartestans kan konstaterast ved manglande medvit og respirasjonsstans.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Hjertestans» frå Wikipedia på bokmål, den 26. februar 2011.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Hjarte-lunge-redning Arkivert 2008-01-20 ved Wayback Machine.