Hopp til innhald

Imperia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Imperia
by
Porto Maurizio i Imperia
Land  Italia
Region Liguria
Provins Imperia
Areal 45,38 km²
Folketal 42 060  (1. januar 2023)
Grunnlagd 21. oktober 1923
Borgarmeister Luigi Sappa
Postnummer 18100
Retningsnummer 0183
Kart
Imperia
43°53′11″N 8°01′47″E / 43.886466666667°N 8.0296527777778°E / 43.886466666667; 8.0296527777778
Wikimedia Commons: Imperia

Imperia er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Imperia i regionen Liguria og har om lag 40 000 innbyggjarar. Han er den historiske hovudstaden i delen av Liguria kalla Intemelia.

Imperia er kjend for blomsterdyrking og olivenindustrien og er ein populærturistdestinasjon om somaren.

Imperia består av dei to historiske distrikta Porto Maurizio og Oneglia. Dei er delte av elva Impero, som har gjeve namn til byen. Porto Maurizio ligg på ei halvøy vest for elva og strekkjer seg langs kysten. Dette er den mest velståande delen av byen og økonomien her er basert på turisme. Frå 1200-talet var området ein del av Republikken Genova.

Oneglia (tidlegare kalla Ineja) ligg på elvesletta like aust for Impero, og er den meir industrialiserte delen av byen. I sentrum ligg Danteplassen, som alle hovudvegane i byen går ut frå.

Gjennom krigar, avtalar og kjøp har Porto Maurizio og Oneglia vore inn under Genova, Frankrike, Spania, Savoie og Piemonte, før det vart ein del av det nye Kongedømet Italia i 1861.

Byen Imperia vart grunnlagd 21. oktober 1923 då dei to delane Porto Maurizio og Oneglia og dei omliggande landsbykommunane Piani, Caramagna Ligure, Castelvecchio di Santa Maria Maggiore, Borgo Sant'Agata, Costa d'Oneglia, Poggi, Torrazza, Moltedo og Montegrazie vart slått saman.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]