Hopp til innhald

Ingunn Rise Kirkeby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingunn Rise Kirkeby
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mai 1961 (63 år)
Idrett handball

Ingunn Ragnhild Rise Kirkeby (fødd 27. mai 1961 er ein norsk lege, nevrokirurg og tidlegare handballspelar frå Asker i Akershus.

Rise er utdanna lege og vart i 1999 dr.med. ved Universitetet i Oslo. Ho er spesialist i nevrokirurgi og overlege ved Nevrokirurgisk avdeling ved Oslo universitetssykehus. Ho har delteke i debatt om boksing og hjerneskadar, sterkt kritisk til proffboksing.

Rise spelte 64 handball-landskampar for Noreg i tida september 1980 til desember 1983, skåra 49 mål. Ho deltok då Noreg enda på sjuandeplassen i Handball-VM 1982 for kvinner. Rise spelte 1980-82 på Os og deretter Vestar frå 1982 til 1990. Ho bidrog til at Vestar i 1989 vart seriemeister for niande og siste gong.