Klinometer
Utsjånad
![](http://178.128.105.246/cars-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d5/Stanley_compass_1.jpg/220px-Stanley_compass_1.jpg)
Eit klinometer er ein hellingsmålar, det vil seie eit instrument for måling av vinklar i vertikalplanet. Eit klinometer kan brukast til å måle blant anna:
- Skipskrenging.
- Hellingsvinklar på bergartslag.
- Høgder på tre og bygningar.
Enkel metode[endre | endre wikiteksten]
For å rekne ut høgda på ein lekam, til dømes eit tre eller ei flaggstong ved hjelp av klinometer og måleband nyttar ein denne formelen:
H = ((l*tan v)+a) der
- v = vinkel lesen av på klinometeret.
- l = lengda fram til lekamen
- a = avstand frå auget loddrett ned på bakken.
- H = høgda til lekamen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Klinometer» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2013.