Hopp til innhald

Matti Järvinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matti Järvinen


Statsborgarskap Finland
Fødd 18. februar 1909
Tammerfors
Død

22. juli 1985 (76 år)
Helsingfors

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1936, Sommar-OL 1932

Utmerkingar

kommandør av første klasse av Finlands løves orden, Cross of Liberty, 3rd Class, Cross of Liberty, 4th Class, Finnish Olympic Cross of Merit, Second Class, Cross of Merit, in gold, of the Finnish Sports

Matti Henrikki Järvinen (18. februar 190922. juli 1985) var ein finsk spjutkastar frå Tampere. Han vart olympisk meister i øvinga 1932, europameister 1934 og 1938, og forbetra verdsrekorden ti gongar i tida 1930-36.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Matti Järvinen var son til Verner Järvinen, den olympiske meisteren i diskoskasting under mellomleikane 1906. Sommaren 1930 vart Matti Järvinen andremann til å kaste spjutet over 70 meter. I løpet av fem veker i august og september 1930 forbetra han verdsrekorden fire gongar, sist til 72,93 meter i Viipuri, Sommaren 1932 flytta han rekorden til 74,02 meter i Turku, reiste så over til Los Angeles der han vann den olympiske gullmedaljen med eit kast som mælte 72,71 m. 1933-sesongen flytta Järvinen verdsrekorden tre gongar, sist til 76,10 meter i Helsinki. Under europameisterskapen 1934 i Torino, den fyrste i sitt slag, vann han gullmedaljen med rekordkastet 76,66 meter. 18. juli 1936 presterte Järvinen i Helsinki sitt livs beste spjutkast, verdsrekorden på 77,23 meter stod seg i to år til landsmannen Yrjö Nikkanen kasta lengre. Knapt tre veker etter rekordkastet i Helsinki enda Järvinen på femteplass i øvinga ved dei olympiske leikane i Berlin med sine 69,18 m. Under EM i friidrett 1938 vann Järvinen derimot gull framom Nikkanen.

Järvinen vann åtte finske meisterskap. Han representerte Finland i 15 landskampar. I 1939/40 deltok han i Vinterkrigen som instruktør i kasting av handgranatar. Under framhaldskrigen var Matti Järvinen med i ei gruppe, leia av Urho Kekkonen, som i august 1942 deltok i dei internasjonale friidrettstevlingane på Olympiastadion i Berlin som representant for aksemaktene.

Etter andre verdskrigen arbeidde Järvinen som rådgjevar i økonomi.

Framom hovudinngangen til Pori stadion står ein statue av Matti Järvinen forma av bilethoggaren Kalervo Kallio. Statuen frå 1966 viser gullmedaljekastet hans ved Sommar-OL i Los Angeles.

Finsk frimerke frå 1945

Verdsrekordar[endre | endre wikiteksten]

Lengde Dato Stad
71,57 8. august 1930 Viipuri
71,70 17. august 1930 Tampere
71,88 31. august 1930 Vaasa
72,93 14. september 1930 Viipuri
74,02 27. juni 1932 Turku
74,28 25. mai 1933 Mikkeli
74,61 7. juni 1933 Vaasa
76,10 15. juni 1933 Helsinki
76,66 7. september 1934 Torino
77,23 18. juni 1936 Helsinki

Kjelder[endre | endre wikiteksten]