Norman Foster Ramsey jr.
Utsjånad
![](http://178.128.105.246/cars-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f4/Pugwash_NAL_tour_1970-com.jpg/200px-Pugwash_NAL_tour_1970-com.jpg)
Norman Foster Ramsey jr. (27. august 1915–4. november 2011) var ein USA-amerikansk fysikar frå Washington, D.C.
Mora underviste matematikk og faren var offiser. Ramsey tok doktorgrad i fysikk ved Columbia University i 1940, men flytte seinare til Harvard University. Her utvikla han Isidor Rabi sin metode til å undersøkja molekyl og atom. I dag vert metoden hans ganske enkelt kalla Ramsey-metoden. Metoden har spelt ei nykelrolle ved utviklinga av MR-maskina, NMR-spektroskopi og atomklokker.
I 1960 utvikla Ramsey sjølv ei atomklokke basert på ein hydrogen-maser, noko som i dag vert gjort nytte av av GPS-teknologi.
I 1989 fekk Ramsey nobelprisen i fysikk saman med landsmannen Hans G. Dehmelt og tyske Wolfgang Paul.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Norman Foster Ramsey, Jr.» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2011.