Polysykliske aromatiske hydrokarbon
Polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH eller tjærestoff) finst naturleg i råolje og er spesielt konsentrert kreosot, tjære og asfalt.
Kjemisk karakterisering[endre | endre wikiteksten]
PAH er ein kompleks blanding av fleire hundre kjemikalie karakterisert ved at dei består av to eller fleire kopla aromatiske (benzenliknande) ringar. Dei fleste er særs feittløyselege og lite løyselege i vatn. PAH i luft og vatn er difor ofte knytt til partiklar og organisk materiale.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
PAH er eit uønskt biprodukt som vert danna ved ufullstendig forbrenning eller oppvarming av organisk materiale som olje, naturgass, kol og ved. Det slepp ut i naturen frå ulike viktige kjelder som elektrokjemisk industri (t.d. aluminiumsindustri), industriell energiproduksjon, avfallsforbrenning, biltrafikk og bustadoppvarming. I tillegg utsetjast menneske ofte for PAH via tobakkrøyk og grilla og røykt mat. Dei største naturlege kjeldene til PAH-utslepp er vulkanutbrot og skogbrannar.
Bruksområde[endre | endre wikiteksten]
PAH-haldig olje vert bruka blant anna som mjuknare i bildekk. I samband med treimpregnering vert det nytta kreosotolje.
Helseeffektar[endre | endre wikiteksten]
Mange PAH-samanbinding kan gje negative helseeffektar, sidan dei er giftige og mange av dei er kreftframkallande.