Stall
Utsjånad
![](http://178.128.105.246/cars-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/03/H%C3%A4ststall_Elfviks_g%C3%A5rd_dec_2008.jpg/220px-H%C3%A4ststall_Elfviks_g%C3%A5rd_dec_2008.jpg)
Stall er ein bygning der hestar vert haldne.
Ordsoge[endre | endre wikiteksten]
Ordet «stall» kjem frå norrønt stallr og tyder eigentleg 'stad der noko står'. I moderne tyding kan ordet brukast for å skildra ein bygning der ein lagrer køyretøy, som «togstall». Ei samling hestar brukt i hestesport kan også omtalast som «stall», og i overført tyding kan ein snakka om idrettsfolk på eit lag som ein «spelarstall».
Historie[endre | endre wikiteksten]
![](http://178.128.105.246/cars-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4b/Polish_stable_in_Gdansk.jpg/220px-Polish_stable_in_Gdansk.jpg)
På gardsbruk i gamle dagar var det vanleg at stallen var ein eigen bygning, men seinare var stallen ofte bygd saman med fjøset. I tillegg til gardsbruk var det stall på skysstasjonar, på fabrikkar, bryggeri, militærleirar, osv.