Tofte i båt
Utsjånad
![](http://178.128.105.246/cars-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/44/Toflekne.jpg/220px-Toflekne.jpg)
Ei tofte er ein sitjeplass i ein mindre båt. Tofta ligg oftast på tvers av båten.
I gamle trebåtar finn vi toftene konstruerte på tre ulike måtar.
- Tofta kan vere ein del av konstruksjonen i trebåten. Ho er festa til ripa på båe sider med eit toftekne. Tofta forsterkar då båten tverrskips. Dette finn vi ofte i austnorske båtar.
- Under tofta kan det vere betar som bind saman båten og forsterkar han tverrskips.
- Tofta kan ligge laus i båten og ikkje ha noko oppgåve i styrking av båten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Arne. R. Hole: Båter og Kystfolk. 2007. ISBN 978-82-03-23405-7