Hopp til innhald

Ust-Kut

Koordinatar: 56°48′00″N 105°50′00″E / 56.80000°N 105.83333°E / 56.80000; 105.83333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ust-Kut
Усть-Кут
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Ust-Kut
Byvåpenet til Ust-Kut


Plassering
Ust-Kut is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Irkutsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1631
1954
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

45 310
Koordinatar 56°48′00″N 105°50′00″E / 56.80000°N 105.83333°E / 56.80000; 105.83333
Tidssone
- Ved sommartid
IRKT (UTC+8)
IRKST (UTC+9)
Diverse annan informasjon
Postnummer 666780
Retningsnummer (tlf) (39565)

Ust-Kut (russisk Усть-Кут) er ein by i Irkutsk oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Lena, rundt 510 km nordvest for Irkutsk.

Byen vart grunnlagt i 1631 av kosakk-ataman Ivan Galkin, som bygde eit fort der. Staden fekk offisiell bystatus i 1954.

I 1951 nådde jernbanen frå Tajsjet fram til Ust-Kut. Byen vart dermed den første og einaste elvehamna ved elva Lena med jernbanesamband, og han vart dermed eit viktig knutepunkt for transport til og frå stader langs Lena, så som mesteparten av Sakha. Ust-Kut markerte slutten på jernbanelinja til i 1974, då byggearbeidet starta på utvidinga av banen, som no er kjend som Bajkal-Amur-Magistral (BAM, austover mot Bajkalsjøen og vidare. Byen vart hovudkvarter under bygginga av den vestlege seksjonen av BAM.

Ust-Kut lufthamn ligg 9 km nord for byen.

Leon Trotskij var i eksil i Ust-Kut i nokre år.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.