Hopp til innhald

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 7, 2019

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanariøyane

Kanariøyane er ei spansk øygruppe og autonom region som ligg i Atlanterhavet, utanfor nordvestkysten av Afrika. Øyane ligg om lag 1500 km frå det spanske fastlandet. Geografisk vert Kanariøyane rekna som ein del av Afrika sidan dei ligg p�� den afrikanske kontinentalsokkelen, men politisk og kulturelt vert dei rekna som ein del av Europa fordi dei er ein del av Spania. Øygruppa består av sju større øyar: Tenerife, Gran Canaria, Lanzarote, La Palma, La Gomera, Fuerteventura og El Hierro, i tillegg til fleire mindre øyar. Kanariøyane er ein del av Makaronesia saman med Asorane, Kapp Verde, Madeira og Selvagensøyane.

Vulkanen Teide på Tenerife er det høgaste fjellet i Spania og den tredje største vulkanen i verda. Den geografiske plasseringa til øyane og passatvindane gjer at klimaet kan vere mildt og fuktig eller veldig tørt. Les meir …