Berit Mørdre var ein norsk langrennsløpar frå Vestre Udnes i Nes. Ho var ei av dei første kvinnelege langrennsstjernene og den mest meritterte løparen på laget, som fekk tilnamnet Jentut’n. Som aktiv i siste halvdel av 1960-åra og byrjinga av 1970-åra fekk ho også stor betydning for utviklinga av norsk kvinneidrett generelt.
Mørdre deltok på stafettlaga som tok VM-sølv i Oslo i 1966 og som vann OL-gull i Grenoble i 1968. I Grenoble tok ho òg OL-sølv på 10 kilometer framfor lagvenninne og bronsemedaljør Inger Aufles. Desse to skulle saman med Aslaug Dahl ta OL-bronse på stafetten i Sapporo i 1972.
Berit Mørdre vann i tillegg 19 NM-gull for seniorar: seks på 5 kilometer, sju på 10 kilometer og seks i stafett. Ho vann 5 kilometer i Holmenkollrennene i 1974. Då kvinner fekk delta i Birkebeinerrennet for første gong i 1976, gjekk ho til topps. Til liks med fleire andre av Jentut’n var klubben hennar Romerikslaget IL i Oslo.
Delar av karrieren var ho gift Berit Mørdre Lammedal.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.