Hakke Hakkespett
Hakke Hakkespett (engelsk Woody Woodpecker) er ein amerikansk teiknefilmfigur som opptrer i 194 teiknefilmar av den amerikanske animatøren Walter Lantz som blei produserte for Universal Studios[1][2] mellom 1940 og 1972.[3] Figuren er maskot i temaparken Universal Studios Hollywood. Hakke Hakkespett har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
![](http://178.128.105.246/content-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7b/Walter_Lantz_1990_photo_D_Ramey_Logan.jpg/220px-Walter_Lantz_1990_photo_D_Ramey_Logan.jpg)
Hakke Hakkespett er ein hakkespett med menneskelege trekk og har mykje til felles med kvitbrynsvartspett, både i fysisk framtoning og i den kjende latteren sin. Inspirasjonen til figuren skal likevel ha kome frå ein eikespett som forstyrra Walter Lantz og kona hans Grace under bryllaupsreisa deira til June Lake i California i 1940.[4] Ein hakkespett av denne typen[5] heldt dei vakne med bråk utanfor hytta deira om natta, og då det begynte å regna fann dei ut at han hadde hakka hol i taket til hytta. Walter ville helst skyta fuglen, men Gracie føreslo at han skulle laga ein teiknefilm om han i staden.[6]
Hakke Hakkespett blei skapt i 1940 av Lantz og storyboardkunstnaren Ben Hardaway, som tidlegare hadde utvikla karakterane Bugs Bunny (Snurre Sprett) og Daffy Duck, ved Warner Bros. Cartoons. Utforminga og eigenskapane til hakkespetten utvikla seg i løpet av åra, frå ein galen fugl med skrikande utforming til ein meir raffinert karakter som likan meir på Chuck Jones sin versjon av Bugs Bunny.[7] Hakke Hakkespett fekk fyrst røyst av Mel Blanc, som blei etterføgd i kortfilmane av Danny Webb, Kent Rogers, Dick Nelson Ben Hardaway og til slutt Grace Stafford, kona til Walter Lantz.[8]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Woody Woodpecker-stjerna på Hollywood Walk of Fame
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Woody Woodpecker Theatrical Cartoon List». Big Cartoon Database. 16. juli 2012.
- ↑ Denis Gifford. «Woody Woodpecker shoots to the top of the cartoon tree: From the archive, 4 July 1972 | Film». The Guardian. Henta 1. august 2016.
- ↑ Lenburg, Jeff (1999). The Encyclopedia of Animated Cartoons. Checkmark Books. s. 156–158. ISBN 0-8160-3831-7.
- ↑ Brennan, Shannon. «Walter Lantz Biography». Rovi. Henta 30. januar 2019.
- ↑ Zickefoose, Julie (10. mars 2009). «Woody The Acorn (Not Pileated) Woodpecker». NPR. Henta 22. januar 2010.
- ↑ Lenburg, Jeff (2006). Who's Who in Animated Cartoons: An International Guide to Film & Television ... - Jeff Lenburg – Google Books. ISBN 9781557836717. Henta 3. oktober 2012.
- ↑ Rovin, Jeff (1991). The Illustrated Encyclopedia of Cartoon Animals. Prentice Hall Press. s. 288–289. ISBN 0-13-275561-0. Henta 8 April 2020.
- ↑ A. Folkart, Burt (19. mars 1992). «Gracie Lantz Dies; Invented Woody Woodpecker». Los Angeles Times. Henta 24. august 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Hakke Hakkespett» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Woody Woodpecker» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2021.