Hopp til innhald

Palestina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om staten. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Palestina (fleirtyding).
دولة فلسطين

(norsk: Staten Palestina, palestinsk)

Det palestinske flagget Det palestinske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen



Offisielle språk arabisk
Hovudstad Ramallah (Adm.senter)
Jerusalem (Aust) (Proklamert)
Flatevidd
 – Totalt
 
6 020 km²
Folketal
 – Estimert (2023)
 – Tettleik
 
5 483 450 (121.)
731/km²
Sjølvstende
uavklart
BNP
 – Totalt (2023)
 – Per innbyggjar
 
36 391 (138.)
6 642 (140.)



Kart over Staten Palestina:
Kart over Staten Palestina

Palestina (arabisk فلسطين‎, romanisert Filasṭīn, offisielt Staten Palestina; arabisk دولة فلسطين‎, romanisert Dawlat Filasṭīn) er eit land i Vest-Asia ved søraustkysten av Middelhavet. Det omfattar to fråkopla territorium – Vestbreidda og Gazastripa, samla kjent som dei palestinske territoria – innan den større Palestina-regionen. Landet grensar til Israel i nord, vest og sør, Jordan i aust og Egypt i sørvest. Palestina har ei samla flatevidd på 6 020 km² med meir enn 5 millionar innbyggjarar. Den proklamerte hovudstaden er Jerusalem, medan Ramallah i røynda er den administrative hovudstaden. Det offisielle språket er arabisk, og religionen hovudsakleg islam, men med ein tydeleg kristen minoritet.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Palestinsk historie.

Palestina-regionen har ei lang, omfattande soge. Kanaanittane, israelittane, assyrarane, babylonarane, perserane, grekarane, romarane og bysantinane sette alle sitt preg på landet. I tillegg har Palestina ei djup religiøs betyding for jødedom, kristendom og islam. Igjennom soga har regionen opplevd periodar med sameksistens og konflikt mellom ulike religiøse og etniske grupper. Særleg i mellomalderen, då jødiske samfunn møtte forfylging, fann dei tilflukt og tryggleik under det muslimsk styret og den breiare islamske verda. Under det osmanske riket, som kontrollerte Palestina frå 1500-talet til slutten av fyrste verdskrigen, var landet ein fristad for jødar som flykta frå forfylging i Europa. Slutten på det osmanske styret markerte eit nytt kapittel i Palestinsk soge. Etter fyrste verdskrigen overtok det britiske imperiet kontroll over regionen. Det britiske mandatet for Palestina, etablert i 1920, førte til tydelege endringar i det politiske og sosiale landskapet i området, og sette høva for konfliktane og kampane som ville fylgja mellom Israel og Palestina.

Stridane med Israel[endre | endre wikiteksten]

Etableringa av Staten Israel i 1948 kom etter den arabisk-israelske krigen som førte til at hundretusen av palestinarar vart fordrivne.[1] Den påfylgjande arabisk-israelske konflikten, inkludert seksdagarskrigen i 1967, førte til den israelske okkupasjonen av Vestbreidda og Gazastripa. Den 15. november 1988 erklærte Det palestinske nasjonalrådet, det lovgjevande organet til Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) leia av Yasser Arafat, opprettinga av staten. Signeringa av Oslo-avtalen på 1990-talet, forhandla mellom Israel og PLO, skapa Palestinian Authority (PA) til å utøva delvis kontroll over delar av palestinske territoria. I 2007 oppstod det interne splittingar mellom palestinske politiske fraksjonar. Det ende med at Vestbreidda vart delvis styrt av dei palestinske styresmaktene, leia av Fatah, medan Gazastripa heldt seg under kontroll av Hamas.[2] Israel har bygd busetjingar i begge dei palestinske områda sidan byrjinga av okkupasjonen. Om lag 500 000 israelske busetjarar bur framleis i busetjingar på Vestbreidda.[3] Det internasjonale samfunnet meiner israelske busetjingar i palestinske territorium er ulovlege under internasjonal lov, men den israelske regjeringa avviser dette.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Kart over Palestina de jure (t.v.) og de facto (t.h.)

Palestina er prega av delvis blokkade av Gazastripa, avgrensa rørslefridom, israelske busetjingar, i tillegg til ein generelt dåleg sikkerheitssituasjon. Uløyst gjenstår mellom anna fastsetjinga av den israelsk-palestinske grensa og statusen til Jerusalem.

Anerkjenning[endre | endre wikiteksten]

Per juni 2024 er Palestina anerkjent som ein suveren stat av 146 av 193 medlemsstatar i De sameinte nasjonane. Noreg anerkjente Palestina den 28. mai 2024, diplomatiske band var likevel oppretta allereie i 1995.[4][5] Land som USA, Frankrike, Tyskland og Japan anerkjenner ikkje staten.[6] Palestina er medlem av fleire internasjonale organisasjonar, mellom anna Den arabiske ligaen, Organisasjonen for islamsk samarbeid og Den internasjonale straffedomstolen.[7] Landet har au vore observatørstat som ikkje er medlem av SN sidan 2012.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gelber, Y. Palestine, 1948. s. 177–178
  2. Andersen, Lars Erslev: Palæstina i Den Store Danske på lex.dk. Henta 10. juni 2024.
  3. Sam Mednick & Julia Frankel. «Israeli settlers in the West Bank were hit with international sanctions. It only emboldened them» (på engelsk). Associated Press. Henta 10. juni 2024. 
  4. «Norge anerkjenner Palestina» (på norsk bokmål). Regjeringen.no. Henta 10. juni 2024. 
  5. «» i Store norske leksikon, snl.no.
  6. «Mapping which countries recognise Palestine in 2024» (på engelsk). Al Jazeera. Henta 10. juni 2024. 
  7. «Membership of the State of Palestine in international organizations (as of 25 May 2018)». MOFAE. Arkivert frå originalen 29. desember 2021. Henta 29 desember 2021. 
  8. «Non-Member-States» (på engelsk). United Nations. Henta 10. juni 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Palestina