Hopp til innhald

Sportsbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Porsche 997 GT3.

Sportsbil er ein personbil med «sportsleg» karosseri, kraftig motor og gode køyreeigenskapar. Sportsbilar er ofte fire- eller tosetarar. Mange personbilar vert og sett på som meir eller mindre sportslege og grensa mellom personbilar og sportsbilar er flytande.

Oppbygging og eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]

Sportsbilar har som oftast stor motoreffekt og gode køyreeigenskapar, men liten bagasjeplass og fireseters sportsbilar har ofte dårleg plass i baksetet. Dei kan ha front- hekk- eller midtmotor. Den siste typen er alltid tosetarar. Bensinmotorar er mest vanlege, men dieselmotorar vert òg nytta. Det finst òg nokre få sportsbilar med elmotor, som til dømes Tesla Roadster.