Hopp til innhald

St. Agnes-koppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Royal Gold Cup, 23,23.6 cm høgt, 17,8 cm tjukk i sitt breieste punkt; vekt 1,935 kg, British Museum.  Saint Agnes dukkar opp for venene sine i eit syn.

Royal Gold Cup eller St. Agnes-koppen er eit drikkekar i massivt gull som er dekt med emalje og perlar. Karet blei laga for den franske kongefamilien på slutten av 1300-talet, og har seinare tilhøyrt fleire engelske monarkar før det var nesten 300 år i Spania. Det har vore ved British Museum sidan 1892, der det normalt er stilt ut i Room 40. Det er blitt skildra som «den einaste overlevande kongelege storslåttheita frå internasjonal gotikk».[1] Ifølgje Thomas Hoving, ein tidlegare leiar for Metropolitan Museum of Art i New York, er dette «den mest spektakulære» av alle fyrstejuvelane og gullgjenstandane som har overlevd av store kongelege skattar.[2]

Drikkekaret er laga av massivt gull, og er 23,6 cm høgt med en diameter på 17,8 cm på det breiaste.[3] Det veg 1,935 kg.[4] Det har eit lokk ein kan løfta opp, men den triangulære stativet som det ein gong stod på er no tapt. Stetten av koppen er blitt forlenga to gonger ved tillegg av sylindriske band, og var opphavleg mykje kortare.[5] Den opphavlege dekorerte knoppen på toppen av lokket er gått tapt, og eit band dekorert med 36 perlar er fjerna frå den ytre kanten av lokket; det er ei gullstripe med ujamne kantar der det var festa. Det var truleg likt bandet som er att rundt foten av koppen.[6]

Gulloverflata er dekorert med scener i basse-taille emalje med gjennomsiktige fargar som reflekterer lys frå gullet under; mange område av gull både under smalt og i bakgrunnen har gravert og pointille-dekorasjon sett inn i gullet. Særleg har dekorasjonen store område av gjennomskinneleg raudt, som har overlevd i utmerka stand. Denne fargen, kjend som rouge clair, var den vanskelegaste å oppnå teknisk, og var svært verdsett for dette og den sterke fargen når han blei utført med suksess.[7] Scenar frå livet til heilage Agnes går rundt toppen av lokket og den skjulte undersida av hovudkroppen. Symbola til dei fire evangelistane går rundt foten av koppen, og det er emaljemedaljongar i sentrum av innsida til både koppen og lokket. Den nedre delen av dei to nyare banda på koppen inneheld tudorroser i emalje på ein damaskert pointillé-bakgrunn; desse blei truleg lagt til han under Henrik VIII. Det øvre bandet har ei gravert innskrift fylt med svart emalje, med ein bord av laurbær i grønt for å skilja slutten av innskrifta frå byrjinga.[8]

Karet kom til British Museum i eit spesiallaga heksagonalt skrin av lêr på ei treramme, med jernlås og handtak. Dette vart laga på same tid eller like etter karet, og har innsknren og stempla bladdekorasjon og ei innskrift i svart bokstavar: YHE.SUS.O.MARYA.O.MARYA YHE SUS.[9]

Kroninga av Karl VI av Frankrike i 1380.

Det finst ingen faste bevis på kva tid og under kva omstende koppen blei skapt. Han er klart dokumentert for fyrste gong i ei inventarliste frå 1391 av verdsakar som tilhøyrde Karl VI av Frankrike (herska 1380-1422). Det er to kopiar av denne i Bibliothèque nationale de France.[10] Ho nemner:

Ein hanap (stor kalk) av gull, heile lokket godt og rikt emaljert på utsida med livet til Madame sankt Agnes; og foten garnert med ornamentband med 26 perler, og krona rundt lokket med 36 perler; og toppknoppen til det nemnde lokkket (er) garnert med fire safirar, tre spinell-rubinar og femten perler. Og det veg 9 mark og 3 unser gull. og hanapen kviler på ei stong av gull i form av ein tripod, og midt på tripoden er representert Vår frue i ei sol på ein bakgrunn i klart raudt, og dei tre føtene til tripoden er danna av tre venga dragar. Den nemnde hanapen og lokket blei gjeve til kongen av monseigneur duc de Berry på reisa hans til Touraine i år 91.[11]

John av Lancaster, 1. hertug av Bedford, på kne, var den fyrste engelske eigaren av koppen. Detaljer frå ein miniatyr av Bedford-meisteren.

Hertug Jean av Berry (1340-1416) var onkel til Karl VI og ein mektig figur i kongeriket, og den mest berømte og ekstravagante samlaren og kunsttingaren i si samtid. Han er best kjend for å ha bestilt Les Très Riches Heures du Duc de Berry, det berømte illuminert manuskriptet i internasjonal gotisk stil, og bestilte òg relikvariet til den heilage tornen, som no er i British Museum.[12] Den unge kong Karl var blitt tvinga til å fjerna onkelen frå guvernørskap etter at den grådige oppførselen hans hadde ført til uro, og møtet deira i 1391 markerte ei forsoning etter ei tid med dålege tilhøve mellom dei.[13] Rike gåver var vanlege i Valois-hoffet, og ved dette høvet hadde Berry eim særskild grunn til å vera generøs.[14]

Koppen er med på ei anna liste over eigedelane til Karl VI i 1400.[15] Deretter er han ikkje registrert før han dukkar opp som eigenluten til ein annan kongeleg onkel og samlar, John av Lancaster, 1. hertug av Bedford (1389-1435), ein son av Henrik IV, som ei kort tid var regent av både Frankrike og England for bror sin Henrik VI då denne var barn. Korleis han fekk koppen er ikkje kjent, men han hadde fått mange gåver av Karl VI, og hadde både lånt kongen pengar og kjøpt ting frå han som biblioteket i Palais du Louvre,[16] i den ubehagelege perioden då Karl hadde gjort fred med englendarane og gjort Henrik V til arving. Etter at bror hans Henrik V døydde, hadde Bedford vanskeleg for å stoppe den franske motstanden som oppstod, og som blei oppmuntra av Jeanne d'Arc. Han døydde i Normandie i 1435, og etterlét seg Henrik VI som sin arving.[17]

Koppen er kort skildra som den fyrste gjenstanden på ein liste over verdisaker som blei mottekne frå Bedford sitt eige utforma for kardinal Henry Beaufort, som var minister under Henrik VI. Her er ikkje stativet nemnt, nokre av juvelane manglar, og motivet er feilidentifisert som livet til heilage Susanna og ikkje heilage Agnes. Av ein eller annan grunn er ikkje koppen med på ei kongeleg eignelutliste frå 1441;[18] Jenny Stratford har føreslått at dette var fordi Beaufort framleis hadde han på dette punktet.[19] Ei anna mogleg forklaring er at koppen var blitt sett i pant, slik han var i 1449 og igjen i 1451, begge gonger for å finansiera dei stadig meir mislukka forsøka frå England for å halda på franske territorium.[20]

Koppen dukkar fyrst opp i nedteikningane til det nye Tudor-dynastiet under Henrik VIII i 1521. Då hadde lokket mista finialen pynta med fire safirar, tre rubinar og femten perler som Karl VI hadde skrive om, og hadde eit nytt i gull med form av ei lukka eller «keisarleg» krone. Dette passar med ei propagandaidé på denne tida der Henrik fremja England som eit «keisarrike», ei nemning nytta på denne tida om ein stat som ikkje anerkjende noko anna makt som overlegen seg. Det store nasjonalseglet, Great Seal of the Realm, for England hadde allereie nytta ei slik krone sidan 1471.[21] Ein hadde truleg funne annan bruk for juvelane i den gamle finalen; ein går ut frå at det nedre banden med tudorrosene blei lagt til under Henrik si styretid, som del av eit program for å leggje tudormerke til eigedelar arva frå tidlegare dynasti, som biletteppe, illuminerte manuskript og bygningar som King's College Chapel i Cambridge.[22][23] Koppen er skildra i eignelutlister frå 1532 og etter at Henrik var død i 1547. Under Elisabeth I blei han nemnd på lister i 1574 og 1596.[24]

Representantar ved Somerset House Conference i august 1604; spanske til venstre, engelske til høgre.

Då Jakob I kom på den engelske trona i 1603, var ein av dei fyrste prioritetane hans å få ein ende på den engelsk-spanske krigen, som hadde gått føre seg sidan 1585. Ein spansk delegasjon kom til Somerset House Conference, som blei avslutta med ein traktat underskriven i 1604. Leiaren for Habsburg-diplomatane var Juan Fernández de Velasco, 5. hertug av Frías og konstabel av Castilla. Den øvre utvidinga av stetten på koppen har ein latinsk innskrift som kan omsetjast til:

Denne koppen av massivt gull, ein relikvie frå den heilage skatten i England og eit minnesmerke for freden gjort mellom kongane, konstabel Juan de Velasco, som vende tilbake derfrå etter å ha fullført oppdraget sitt, blei presentert som eit offer til Kristus fredsmakaren.[25]

Gåva på «om lag 70 gjensandar med sølv- og gullgylling» frå Jakob til Juan, der koppen er den som er mest verd å merka seg, er dokumentert på både den engelske og spanske sida.[26] Juan konstabelen skreiv ei utgreiing om oppdraget sitt då han vende heim, og nemner gåva frå Jakob. Konstabelen hadde tidlegare gjeve både Jakob og dronninga forseggjorte koppar, blant andre verdfulle gåver.[27] Pauline Croft skildra gåvene som typiske for kongen: «With his usual over-generosity the king gave the departing envoys around half the large gold vessels from the royal possessions he had inherited from Elizabeth. The Constable himself received a stupendous gift of plate, including possibly the most venerable item in the collection, known as "the Royal Gold Cup of the Kings of France and England.»[28]

I 1610 gav konstabelen koppen til eit kloster i Medina de Pomar, nær Burgos, som skildra i innskrifta.[29] Gåvedokumentet er bevart, og det var eit vilkår for gåva at koppen aldri skulle takast bort frå klosteret. Eit notat i marginen til teksten, i handskrifta til konstabelen, registrerer at han hadde fått løyve frå erkebiskopen i Toledo, Bernardo de Sandoval y Rojas, til at koppen skulle brukast som ciborium, eller haldar for konsekrerte nattverdsoblat. På denne tida hadde kyrkja forbod mot bruken av ilåt som var dekorerte på innsida som ciborium.[30]

Foten av koppen

Koppen blei verande i klosteret til 1882 då nonnene leid av penganaud og ville selja han. Det var på eit tidspunkt i denne perioden at perleborden til lokket og tudortoppen blei fjerna.[15] Nonnene meinte at dei ville få ein betre pris i Paris enn i Spania, og koppen blei overlaten til Simon Campo, ein prest som tok han med til Paris og la han fram for fleire leiande seljarar og samlarar. Det hadde funne stad ei rekkje forfalskingar av mellomaldergjenstandar på denne tida, og parisarane var lenge mistenksame. Baron Jérôme Pichon forska på den andre tillagte sylinderen og blei nok overtydd om at dette var koppen dokumentert i 1604 til å gje eit ganske lågt bod på han, som blei akseptert. I løpet av etterforskinga hadde baronen kontakta den dåverande hertugen av Frías, som hadde gjeve han nyttig informasjon, og så opphavleg gratulert kjøparen med kjøpet. Etter å ha undersøkt saka meir skjøna hertugen at salet var i strid med gåva ifølgje gåvesertifikatet frå 1610 som han hadde funne i familiearkivet, og gjekk til søksmål for å få koppen tilbake.[31]

Hertugen tapte til slutt saka si i 1891,[32] slik at eit vidare sal sett opp av baron Pichon kunne fullførast. Dette var til føretaket Messrs. Wertheimer i Bond Street i London,[33] der kopen blei sett av Augustus Wollaston Franks. Han hadde vore Keeper of British and Mediaeval Antiquities and Ethnography ved British Museum sidan 1866, og var leiar for Society of Antiquaries. Samson Wertheimer gjekk med på å selja koppen til British Museum for dei 8000 pundt (kring 1100000 pund i 2024) han hadde kosta føretaket.[30] Franks var uroa over nye amerikanske samlarar som J.P. Morgan, og i 1891 skreiv han til sir Henry Tate, kjend i samband med Tate Gallery: «A very wonderful gold cup has appeared returned to this country after an absence of 287 years, and I am anxious to see it placed in the National Museum and not removed to America.»[34]

Franks prøvde å få rike personar til å støtta kjøpet med 500 pund (69.000 pundt i 2024) kvar, men sjølv med eit innskot på 2.000 pund frå HM Treasury kunne han ikkje møta prisen. Han blei nøydd til å leggja til 5000 pund av sine eigne pengar ei tid, medan han heldt fram med å prøva å få mindre summar frå andre. Til slutt lukast han i 1892 då finansdepartementet samtykte om å bidra med dei siste 830 punda; «for Franks var dette hans største oppkjøp, og den han var mest stolt av».[35] Bortsett frå finansdepartet var dei som bidrog med 500 pund Franks og Wertheimer, The Worshipful Company of Goldsmiths, Charles Drury Edward Fortnum, hertugen av Northumberland, lord Savile, lord Iveagh og jarlen av Crawford.[36] I 1901 klarte Morgan å kjøpa Lindau-evangelia i London, som museet òg hadde ønskt seg.[37]

Ikonografi

[endre | endre wikiteksten]
Den fyrste scenen på framsida: Procopius tilbyr Agnes ei kiste med juvelar.

Scenesyklusen er henta frå livet til Saint Agnes og fostersystera hennar Emerentiana, etter den tradisjonelle soga frå Jacobus de Voragine sitt verk Legenda aurea. Dette var den mest populære samlinga av hagiografiar i samtida, og ordføringa i verket samsvarar med nokre av innskriften i banderolar eller rullar som forklarar scenane. Andre tekster er sitat frå den latinske Vulgata-bibelen, for det meste avleidd frå liturgien for minnedagen til heilage Agnes.[38]

  1. Lightbown, 78
  2. Hoving, 61, calling it the "Saint Agnes Cup"; in French it is always the Coupe de Saint Agnes, as in Neil Stratford.
  3. "British Museum collection database"
  4. Dalton, 1; Steane, 135
  5. There are illustrations of the original shape in Dalton's Figure 1 (drawing), and Cherry, p. 24 (edited photo, also in Henderson, 138). However, Neil Stratford, 263, raises the possibility that there was originally a longer stem.
  6. Dalton, 1, and Lightbown, 81–82. Neil Stratford, 263, adds that the hexagonal top of the cover is modern. See Provenance section for the missing parts.
  7. "British Museum Investigation"
  8. Dalton, 1–4; "British Museum collection database"
  9. Wood and leather case British Museum collection database, accessed January 11, 2023. Registration number: 1892,0501.2
  10. Dalton, 8–9. The inventories are BnF Mss Fr 21445 (f.1b) and 21446 (f.45b)
  11. Translation from Dalton, 8–9. Crucially, the number of pearls around the foot agrees with the current number. A "marc" is approximately 249 grams, so allowing for the changes to the cup, the weight given is consistent. The stand weighed 3 marcs and 512 ounces. See also Jenny Stratford, 320
  12. Cherry, 39–43
  13. Dalton, 9
  14. The subject of Buettner's article; Cherry, 47, gives alarming statistics
  15. 15,0 15,1 Jenny Stratford, 320
  16. Dalton, 10; Jenny Stratford 60–61, on the cup between 1400 and entering Bedford's possession, and generally on Bedford's property.
  17. Jenny Stratford's book is on Bedford's inventories, and includes a brief biography (Chapter 1) and chapter 5 on him as a "Patron and Collector"; Dalton, 10
  18. Jenny Stratford, 319–325; Dalton, 8. It is the only surviving piece of metalwork from the list (J. Stratford, 319)
  19. Jenny Stratford, 48
  20. Dalton, 8
  21. Neil Stratford, 261
  22. Dalton, 1, 8
  23. Anglo, 198-199
  24. Dalton 8, Jenny Stratford, 324, 320; the cup appears in all known Tudor inventories of the royal plate.
  25. Translation "British Museum collection database". Dalton has the reading "sacred (royal) treasure", p. 5.
  26. Ungerer, quoted here, has details and references
  27. Dalton, 6. Ungerer describes several surviving bills of exchange; most of the Spanish gifts were bought in the Spanish Netherlands.
  28. Croft
  29. Jenny Stratford, 325, has an extract from the list of gifts.
  30. 30,0 30,1 Dalton, 6
  31. Dalton 6, Jenny Stratford 320
  32. So Dalton, 6; both Jenny Stratford and Neil Stratford (p. 263) mention a judgment of 1885, but there were perhaps appeals.
  33. See also The Wertheimer Family, from the Jewish Museum (New York).
  34. Wilson, 175
  35. Wilson, 175–176 (quotation, 176).
  36. Dalton, 6; he lists some donors of smaller amounts. See also Wilson, 175–176 for more detail on the timing. Samson Wertheimer died in 1892, and the sale was actually concluded by his son Asher and other heirs, and the donation by them was in his memory.
  37. Needham, 24
  38. Lightbown, 78; Neil Stratford, 265; Jenny Stratford, 320. See Caxton reference for an online English translation of the Golden Legend.
  • Denne artikkelen bygger på «Royal Gold Cup» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2024.
  • Anglo, Sydney. Tudor Dynastic Symbols in Lascombes, André (ed.), Spectacle & Image in Renaissance Europe, BRILL, 1993, ISBN 978-90-04-09774-2
  • "British Museum collection database". Royal Gold Cup. British Museum. Accessed January 11, 2023
  • "British Museum Highlights". The Royal Gold Cup. British Museum. Accessed July 13, 2010
  • "British Museum Investigation". Investigation of the 'rouge clair' glass on the Royal Gold Cup. British Museum. Accessed June 16, 2010
  • Buettner, Brigitte. Past Presents: New Year's Gifts at the Valois Courts, Ca. 1400. The Art Bulletin, Volume 83, Issue 4, 2001. 598
  • Campbell, Marian (1987); in Jonathan Alexander and Paul Binski (eds). Age of Chivalry, Art in Plantagenet England, 1200–1400. London: Royal Academy/Weidenfeld & Nicolson, 1987
  • Campbell, Marian (2001); in Blair, John and Ramsay, Nigel (eds). English Medieval Industries: Craftsmen, Techniques, Products, Continuum International Publishing Group, 2001, ISBN 1-85285-326-3
  • Caxton, William (translation of Jacobus de Voragine). Golden Legend, online version of Temple Classics edition, 1275–1483, with modernized spelling.
  • Cherry, John. The Holy Thorn Reliquary. The British Museum Press, 2010, ISBN 978-0-7141-2820-7
  • Cowling, Jane. A Fifteenth-century Saint Play in Winchester. In Medieval and Renaissance Drama in England, Volume 13. Fairleigh Dickinson University Press, 2001. ISBN 0-8386-3889-9
  • Croft, Pauline. England and the Peace with Spain, 1604: Pauline Croft Analyses the Causes and Traces the Consequences of a Momentous Treaty. History Review, Issue 49, 2004
  • Dalton, Ormonde M. The Royal Gold Cup in the British Museum. London: British Museum, 1924
  • Henderson, George. Gothic. Penguin, 1967. ISBN 0-14-020806-2
  • Hoving, Thomas. Greatest Works of Western Civilization. Artisan, 1997. ISBN 1-885183-53-4
  • Lane, Barbara G. The Altar and the Altarpiece, Sacramental Themes in Early Netherlandish Painting. Harper & Row, 1984. ISBN 0-06-430133-8
  • Legner, Anton (ed). Die Parler und der Schöne Stil, 1350-1400, Catalogue of an exhibition in the Schnütgen Museum, Köln, 1978. 3 vols.
  • Lightbown, Ronald W. Secular Goldsmiths' Work in Medieval France: A History. Reports of the Research Committee of the Society of Antiquaries of London. Volume XXXVI, 1978. 75–82
  • "Maryon (1971)": Maryon, Herbert. Metalwork and enamelling: a practical treatise on gold and silversmiths' work and their allied crafts. Courier Dover Publications, 1971. ISBN 0-486-22702-2
  • Nash, Susie. Northern Renaissance Art, Oxford History of Art, Oxford University Press, 2008, ISBN 0-19-284269-2
  • Needham, Paul, Twelve Centuries of Bookbindings 400–1600, 1979, Pierpont Morgan Library/Oxford University Press
  • Osborne, Harold (ed). The Oxford Companion to the Decorative Arts. Oxford: Oxford University Press, 1975. ISBN 0-19-866113-4
  • Snyder, James. Northern Renaissance Art. Harry N. Abrams, 1985. ISBN 0-13-623596-4
  • Stratford, Jenny. The Bedford Inventories, Society of Antiquaries of London, 1993, ISBN 0-85431-261-7
  • Stratford, Neil, in Baron, Françoise; Avril, François; Chapu, Phillipe; Gaborit-Chopin, Danielle; Perrot, Françoise. Les fastes du gothique: le siècle de Charles V. Paris, Galeries nationales du Grand Palais, Réunion des musées nationaux, 1981 (in French) – Catalogue of an exhibition including the cup (as the Coupe de Sainte Agnes)
  • Stratford, Neil, La Coupe de sainte Agnès (France-Espagne-Angleterre), Paris, Académie des Inscriptions et Belles-Lettres, 2022, 176 p., 127 images, Distributed by Peeters.
  • Steane, John. The Archaeology of the Medieval English Monarchy. Routledge, 1999. ISBN 0-415-19788-0
  • Ungerer, Gustav. Juan Pantoja De la Cruz and the Circulation of Gifts between the English and Spanish Courts in 1604/5. Shakespeare Studies, 1998
  • Ward, Gerald W. R. (ed). The Grove encyclopedia of materials and techniques in art. Oxford University Press US, 2008. ISBN 0-19-531391-7
  • Wilson, David M. The British Museum; A History. The British Museum Press, 2002. ISBN 0-7141-2764-7