Atoll
Utsjånad
![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ef/Atoll_forming-i18.png/220px-Atoll_forming-i18.png)
Ein atoll er eit rundt, lågt korallrev som normalt omkransar ein lagune og dannar ei øy. Det kan danna ein heil ring eller ha form som ein hestesko.[1]
![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4b/Nukuoro_ISS013-E-28610.jpg/220px-Nukuoro_ISS013-E-28610.jpg)
Denne typen øyar reiser seg opp frå havbotnen, ofte frå djupner på fleire tusen meter. Dei er særleg vanlege i vest og i midten av Stillehavet,[1] til dømes i Cookøyane, Bikiniøyane og Banaba.
Den største atollen i verda er Kiritimati på 388 km².[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «atoll» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Kiritimati», Store norske leksikon, 14. august 2014, henta 31. januar 2016
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4a/Commons-logo.svg/15px-Commons-logo.svg.png)