Hopp til innhald

Aversa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aversa
by
Land  Italia
Region Campania
Provins Caserta
Areal 8,85 km²
Folketal 49 612  (1. januar 2023)
Borgarmeister Domenico Ciaramella
Postnummer 81031
Retningsnummer 081
Kart
Aversa
40°58′23″N 14°12′23″E / 40.9730341°N 14.2064748°E / 40.9730341; 14.2064748
Wikimedia Commons: Aversa

Aversa er ein by i provinsen Caserta i regionen Campania i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar.

Byen ligg berre 5 km nord for Napoli og er senter i eit jordbruksdistrikt der det vert produsert vin og ost.

Aversa, som erstatta den nærliggande byen Atella etter han vart lagt aude under gotarkrigen, vart det første normanniske landområdet i Middelhavet. Rainulf Drengot fekk staden i 1030 og ved å gje asyl til forfølgde menneske i området fekk han etter kvart makt. Robert Guiscard bygde festningsverk i byen og kom i strid med biskopen i Aversa som styrte på vegne av paven og Det tysk-romerske riket, som formelt eigde landområdet.

Greven av Aversa, Rikard I, var ein av leiarane i striden mot paven som enda med slaget ved Civitate. Her vart sjølve pave Leo IX tatt til fange. Men den slue Rikard handsama ikkje paven som ein fange. I staden eskorterte han paven tilbake til Roma, noko som førte til forsoning mellom normannarane og Kyrkja. Normannarane nytta så Aversa som base for å opprette ein stat på Sicilia og Italia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]