Benelux
![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/32/Flag_of_Benelux.svg/220px-Flag_of_Benelux.svg.png)
![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a6/Benelux_schematic_map.png/220px-Benelux_schematic_map.png)
Benelux eller Be-Ne-Lux-landa er ei fellesnemning på Belgia, Nederland og Luxembourg. Dei to offisielle språka er nederlandsk og fransk.
Namnet er skapt ved å setje saman dei fyrste stavingane frå kvart av namna til medlemslanda, og vart opphavleg til ved opprettinga av den økonomiske unionen «Benelux» (Benelux Economische Unie / Union Économique Benelux).
Land
[endre | endre wikiteksten]Tollunion
[endre | endre wikiteksten]Tollunionen vart avtalt i 1944 og trådde i kraft i 1948 med formål om å fremje den frie rørsla av arbeidskraft, kapital, tenesteytingar og varer dei tre landa imellom. Stiftinga bidrog til utviklinga fram mot Den europeiske unionen.
Kamp mot kriminalitet
[endre | endre wikiteksten]I 2004 vart det avtalt at politistyrkane til medlemslanda gjerne må overskride landegrensene til kvarandre i kampen mot den internasjonale kriminaliteten. Avtalen går eit steg vidare enn Schengenavtalen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Heimesida til Benelux Arkivert 2006-03-01 ved Wayback Machine.