Hopp til innhald

Brownsville i Texas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brownsville
by
Browsnville fotografert frå Den internasjonale romstasjonen i 2009.
Land  USA
Stat Texas
Fylke Cameron County
Del av Rio Grande Valley
Areal 378,856492 km²
Folketal 186 738 (1. april 2020)[1]
Kart
Brownsville i Texas
25°55′49″N 97°29′04″W / 25.930277777778°N 97.484444444444°W / 25.930277777778; -97.484444444444
Wikimedia Commons: Brownsville, Texas

Brownsville er ein by i Cameron County i delstaten Texas i USA. Byen dekker 376,1 km² og hadde 186 738 ibuarar i 2020.[2] Her er eit subtropisk klima året rundt. I kring 94 % av ibuarane i Brownsville er latinamerikanske.[3]

Byen vart grunnlagt i 1848 av den USA-amerikanske forretningsmannen Charles Stillman. Han kalla staden opp etter ein fallen soldat. Folketalet auka mykje tidleg på 1900-talet, då stålproduksjonen blomstra. Byen er fylkesete i Cameron County og sysselset mange menneske. Elles er mange ysselsett innom tenestenæringane og industrien, medrekna ein ein veksande luftfarts- og romtransportsektor. Brownsville har djupvasshamn og stor internasjonal handel.

Musikaren Kris Kristofferson er frå Brownsville.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  2. «Census - Geography Profile: Brownsville city, Texas». Henta 24. mars 2022. 
  3. «P2: HISPANIC OR LATINO, AND NOT HISPANIC OR LATINO BY RACE». 2020 Census. United States Census Bureau. Arkivert frå originalen 16. oktober 2021. Henta 10. oktober 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brownsville i Texas