Brystbein
![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/34/Sternum_front.png/220px-Sternum_front.png)
Brystbeinet eller sternum (latin sternum, frå gresk στέρνον, sternon, «bryst») er eit langt flatt bein midt på brystkassa. Dei fleste ribbeina er fest til brystbeinet med brusk.
![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/23/Gray116.png/170px-Gray116.png)
Brystbeinet har tre delar. Desse er bundne saman med brusk som blir til bein i menneske frå 50- til 70-årsalderen.[1]
Brystbeinet kan minna om eit romersk gladiatorsverd, noko som har gjeve namn til den øvste delen; «handtaket» eller manubrium sterni.[2] Midtdelen blir kalla «kroppen» eller corpus sterni, medan den spisse nederdelen av brusk blir kalla processus xiphoideus, etter det greske ordet for sverd, xyphos.[2]
Hjå menn er «kroppen» av brystbeinet i regelen over dobbelt så lang som «handtaket», medan han er kortare hjå kvinner. Dette er ein mindre kjend kjønnsdimorfisme hjå menneske.[3]