Hopp til innhald

Hold My Hand av Dave Davies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hold My Hand
Singel av Dave Davies med The Kinks
B-side

«Creeping Jean»

Utgjeve 17. januar 1969
Innspelt 1968
Sjanger Pop
Selskap Pye Records
Låtskrivar(ar) Dave Davies
Dave Davies med The Kinks-kronologi 
«Lincoln County»
(1968)
Hold My Hand «Imagination's Real»
(1980)


«Hold My Hand» er ein song og singel skriven og spelt inna v Dave Davies, som er mest kjend som gitarist i den britiske rockegruppa The Kinks. Songen er den fjerde singelen til Davies.

Innspelinga

[endre | endre wikiteksten]

Som dei førre tre Dave Davies-singlane spelte heile The Kinks på songen.[1] Han vart spelt inn i 1968, samstundes med albumet The Kinks Are the Village Green Preservation Society.[1] Det var òg ein av dei siste songane den langvarige bassisten til The Kinks, Pete Quaife, spelte på.[2]

Etter at den førre singelen, «Lincoln County» mislukkast, kom «Hold My Hand» ut i 1969 på singel med B-sida «Creeping Jean».[2] Men òg denne singelen vart mislukka, og gjekk ikkje inn på salslistene nokon stad. Dave Davies la så solokarrieren på is dei neste ti åra.

  1. 1,0 1,1 Miller, Andy. Kinks' The Kinks Are the Village Green Preservation Society. 
  2. 2,0 2,1 Kitts, Thomas. Ray Davies: Not Like Everybody Else.