Hopp til innhald

Kfar Haruv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kfar Haruv
כְּפַר חָרוּב
kibbutz
Region Golanhøgdene
Distrikt Nord distrikt
Kommune Golan regionale kommune
Koordinatar 32°45′45″N 35°39′49″E / 32.76250°N 35.66361°E / 32.76250; 35.66361
Folketal 306  (2006)
Grunnlagd 1974
 •  Grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Kfar Haruv
32°45′45″N 35°39′49″E / 32.7625°N 35.663611111111°E / 32.7625; 35.663611111111
Kart som viser Kfar Haruv.
Kart som viser Kfar Haruv.
Kart som viser Kfar Haruv.
Wikimedia Commons: Kfar Haruv

Kfar Haruv (hebraisk כְּפַר חָרוּב, tyder 'jhannesbrødtrelandsbyen') er ei israelsk busetjing, ein kibbutz, som ligg sør i Golanhøgdene. Han høyrer til Kibbutzrørsla og Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[1]

Kibbutzen ligg på kanten av ei klippe, 315 meter over havet, kring 525 meter over Genesaretsjøen) som ligg 2 km mot vest.

Busetjinga vart grunnlagd i 1973 og tok namnet frå ein arabisk landsby som hadde lege der tidlegare, Kafr Hareb. Denne var visstnok igjen kalla opp etter landsbyen Haruva som låg i området i Talmud-tida. Innbyggjarane slo seg først ned i leiren Afik, og flytta til den noverande plasseringa (ein syrisk militærbase med utsyn over Ein Gev og HaOn) i 1974. Det var den sekstande israelsk busetjinga som vart grunnlagd i Golanhøgdene og medlemmane var israelarar og emigrantar frå USA. I 2011 var folketalet 400 innbyggjarar. 90 av dei budde då i eit nabolag som var nybygd i 2004.

Den viktigaste arbeidsgjevaren for busetjinga er fabrikken A.R.I. som produserer hydraulisk utstyr. Busetjinga driv òg jordbruk, og haustar mandlar, avokado, nektarinar og fersken.

  1. «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.