Linfen
Utsjånad
![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/59/Location_of_Linfen_Prefecture_within_Shanxi_%28China%29.png/220px-Location_of_Linfen_Prefecture_within_Shanxi_%28China%29.png)
Linfen (kinesisk: 临汾; pinyin: Línfén) er eit byprefektur sørvest i provinsen Shanxi i det nordlege Kina, i vest grensar det mot provinsen Shaanxi. Byprefekturet har eit areal på 20 275 km² og hadde vel 4,3 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Linfen omfattar eitt distrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og fjorten fylke (县 xiàn).
Næring
[endre | endre wikiteksten]Gruvedrift er den viktigaste næringa i Linfen, fylgd av næringsmiddelindustri. Prefekturet har i mange år vore sterkt prega av forureining, særleg smog, frå kolkraftverka i området. Byområda er rekna for å vere av dei skitnaste og mest forureina i heile verda.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 108 går gjennom området. Riksvegen tek til i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sør til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Linfen» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2012.