Hopp til innhald

Lottaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lottaelva
elv
Land  Russland,  Finland
Lengd 190 km
Munning Tuloma
Kart
Lottaelva
68°27′17″N 28°25′30″E / 68.4548°N 28.42496°E / 68.4548; 28.42496
Wikimedia Commons: Lotta River

Lottaelva (russisk Лотта, finsk Luttojoki eller Lutto, nordsamisk Lotto eller Lohttu, skoltesamisk Lått) er ei elv i Lapplands län i Finland og Murmansk oblast i Russland. Ho er ei av sideelvane til Tuloma og er 190 km lang.

Lotta spring ut frå den vesle Luttosjøen i Saariselkä. Frå her renn ho hovudsakleg austover gjennom kommunene Enare og Sodankylä i Finland. Ved Raja-Jooseppi renn ho inn i dei sørlege delane av Petsjenga i Russland, og held fram nordaustover til ho munnar ut i Øvre Tuloma-reservoaret, der elva Tuloma startar.

Den største sideelva til Lotta på finsk side er Suomu.

Før Petsjengaområdet vart avstått til Russland etter den andre verdskrigen låg heile Lotta på finsk område.