Hopp til innhald

Mast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mast på skonnerten «Adventuress» frå 1913.

Mast (frå lågtysk mast, 'stong')[1] er ei vertikal stong, opphavleg mynta på å bera seglfartøy.[2] Ei mast blir nytta til å halde opp segl, leidningar, antenner, kablar eller andre ting som blir montert oppe i masta. I motsetnad til ein stolpe er masta så høg at ho må bardunerast eller ha så stor flate ved sokkelen at ho ikkje vil blåse ned i sterk vind eller ho må tåle stor last. I slike tilfeller snakkar ein om t.d. ei høgspentmast, lysmast, mobilmast, radiomast, taubanemast, osb.

På store seglskip med høg rigg består ei mast av fleire delar - ei undermast og to (av og til tre) stenger over denne. Ho blir halden i stilling av ein ståande rigg (vant, bardunar og stag).[2]

Master var opphavleg laga av trestammar. Ei pålemast vert laga av eitt tre. Moderne lasteskip kan ha master i form av stålrøyr opp til ca. 3 m diameter for lastebomar. Både undermast og stenger kan vera av stål, som då er hole. Master til seglb��tar blir no laga som ekstrudert aluminiumsprofil med aerodynamisk form og spor til forlik på storseglet.[2] Høgspentmaster er gjerne konstruert ved å sette saman aluminiumsprofilar slik masta får profil av eit tårn med stort tverrsnitt ved sokkelen.

Krigsfartøy har master som hovudsakleg blir brukt til å bera antenner for radio og radar og andre viktige sambandsmiddel.[2]