Hopp til innhald

Neftejugansk

Koordinatar: 61°06′00″N 72°36′00″E / 61.10000°N 72.60000°E / 61.10000; 72.60000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neftejugansk
��ефтеюганск
Horisonten til Neftejugansk
Horisonten til Neftejugansk
Flagget til Neftejugansk Byåpenet til Neftejugansk
Flagget til Neftejugansk Byvåpenet til Neftejugansk


Plassering
Neftejugansk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Khanty-Mansia
Grunnlagd
Bystatus
1961
1967
Borgarmeister Sergei Burov
Geografi
Flatevidd
 - By

154 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

114 700
  744,8 /km²
Koordinatar 61°06′00″N 72°36′00″E / 61.10000°N 72.60000°E / 61.10000; 72.60000
Høgd over havet 40 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 628300–628312
Retningsnummer (tlf) (+7)3463
Nettstad: www.admugansk.ru

Neftejugansk (russisk Нефтеюга́нск) er ein by i Khanty-Mansia i Russland med om lag 115 000 innbyggjarar (2007). Han ligg ved ei forgrening av elva Ob, 50 km sørvest for Surgut og 200 km aust for Khanty-Mansijsk.

Namnet på byen kjem frå det russiske nefte, som tyder 'olje', og jugansk, som er avleidd av eit khantisk namn på ei lita elv nær byen.

Byen vart grunnlagt i 1967, etter at det vart oppdaga eit oljefelt i 1961. Den viktigaste og einaste store verksemda i byen er Juganskneftegaz, som vart grunnlagd i februar 1966. Økonomien til byen er framleis petroleumsbasert og han var eit viktig senter for det russiske oljeselskapet YUKOS, som eigde Juganskneftegaz.

På grunn av låge lønningar i YUKOS' var byen mindre velståande enn Surgut og mange prøver å flytte til Surgut for å arbeide for eit anna kjent russisk oljeselskap, Surgutneftegaz. Det er derimot ikkje lett på grunn av store skilnader i bustadprisane i Neftejugansk og Surgut.

I juni 1998 vart borgarmeisteren i Neftejugansk, Vladimir Petukhov, skoten og drepen og ein Yukos-tilsett vart siktet for drapet. Petukhov var ein av kritikarane av Yukos. 20. september vart viseborgarmeisteren i byen, Dmitrij Jegortsev, angripen med kniv og skadd. Ein annan viseborgarmeister, Igor Gribanov, døydde i ein brann i heimen sin i 2006.

Frå januar 2005 høyrer Juganskneftegaz til det statlege oljeselskapet Rosneft.