Hopp til innhald

Paramagnetisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flytande oksygen vert drege mot ein magnetpol.

Paramagnetisme er ein effekt oppdaga av Michael Faraday i 1845. Makroskopisk kan effekten påvisast ved at eit paramagnetisk material under påverknad av eit ytre magnetfelt blir svakt magnetisert i retninga til feltet. Ein paramagnetisk, stavforma lekam som kan svinge fritt, stiller seg inn med lengderetninga i retninga til feltet, på same måte som ein ferromagnetisk lekam og motsett av ein diamagnetisk lekam. Nokre vanleg paramagnetiske stoff er oksygen, krom, mangan, palladium, platina og dei sjeldne jordmetalla.