Provence
Utsjånad
![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/81/Calanque_dEn-Vau_pr%C3%A8s_de_Marseille.jpg/220px-Calanque_dEn-Vau_pr%C3%A8s_de_Marseille.jpg)
Provence er eit historisk og kulturelt landskap sør i Frankrike. Det er også namnet på ein tidlegare provins som no er del av regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur.
Provance omfattar middelhavskysten mellom munningen av Rhône og byen Nice og fjellområda innanfor. Den største byen er Marseille.
Fram til 1900-talet var provençalsk, ein dialekt av oksitansk, svært utbreidd i provinsen. Eit stort utdanningsprogram gjorde fransk til hovudspråket til dei fleste innbyggjarane. I dag finst det opplæring og studiar i provençalsk i regionen, men dei fleste er franskspråklege.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Provence (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 28. juli 2013.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Provence» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juli 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]![Spire](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/ff/Purple_geography_icon.svg/20px-Purple_geography_icon.svg.png)