Putelava
Utsjånad
![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/da/Nur05018-Pillow_lavas_off_Hawaii.jpg/220px-Nur05018-Pillow_lavas_off_Hawaii.jpg)
![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5f/Pillow_lava_at_Oamaru.jpg/220px-Pillow_lava_at_Oamaru.jpg)
Putelava er lavaer som inneheld karakteristiske puteforma strukturar. Slike puter blir vanlegvis danna ved avkjøling av lava under vatn og er kjend frå midthavsryggane og andre magmatiske miljø. Putelavaer i vulkanske bergartar er karakteriserte av tjukke sekvensar av diskontinuerlege puteforma massar, vanlegvis opp til ein meter i diameter. Dei dannar den øvre delen av «lag 2» av normal havskorpe.
Putelava finst i fleire ofiolittar som til dømes i Trondheimsfeltet, Bergensbogane og på Bømlo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Selbekk, Rune S.. (11. mars 2012). Putelava. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/putelava.