Super Monkey Ball
Super Monkey Ball | |||
Utviklar(ar) | Amusement Vision | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Sega | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Toshihiro Nagoshi | ||
Produsent(ar) | Toshihiro Nagoshi | ||
Komponist(ar) | Hidenori Shoji Sakae Osumi Haruyoshi Tomita | ||
Serie | Super Monkey Ball | ||
Plattform(er) | GameCube, Arkade | ||
Utgjeving | Arkade JP: 23. juni 2001 Nintendo GameCube JP: 14. september 2001 NA: 18. november 2001 EU: 3. mai 2002 | ||
Sjanger | Plattform | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Del av serien Super Monkey Ball⠀ | |||
Super Monkey Ball 2→ |
Super Monkey Ball er eit plattformspel utvikla av Amusement Vision og utgjeve av Sega. Spelet debuterte i Japan i 2001 på arkademaskinar under namnet Monkey Ball og vart seinare utgjeve som ei utvida utgåve og ein lanseringstittel til Nintendo GameCube. Det var det første spelet som vart utgjeve av Sega på ein Nintendo-konsoll.
Spelet var produsert av Toshihiro Nagoshi og involverer å leie ein gjennomskinleg ball, med ein av fire aper inni, gjennom ei rekkje labyrintliknande baner. Spelaren må kome fram til målstreken utan å falle av plattforma eller la tida gå ut for å kome vidare til neste bane. Spelet har òg nokre modusar for fleire spelarar.[1]
Super Monkey Ball fekk positiv mottaking, særleg for enkelheita og den subtile djupna i kontrollsystemet, i tillegg til dei nye modusane for fleire spelarar som ikkje fanst i arkade-utgåva. Spelet selde relativt godt og var ein av dei mestseljande spela frå Sega i USA i 2002.[2] Spelet fekk i 2002 ein oppfølgjar, Super Monkey Ball 2, og la grunnlaget for det som etter kvart skulle bli ein heil serie av dataspel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «ANMELDELSE: Super Monkey Ball». Gamer.no. 5. juni 2002. Henta 10. juli 2019.
- ↑ «Graphs: Sega's Year-to-Date». IGN. 3. oktober 2002. Henta 10. juli 2019.