Sykkellaget Crédit Agricole
Utsjånad
![](http://178.128.105.246/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/60/Thor_Hushovd%2C_2007.jpg/220px-Thor_Hushovd%2C_2007.jpg)
Crédit Agricole (C.A) var eit profesjonelt fransk sykkellag som sykla i den øvste divisjonen i internasjonal sykkelsport, UCI ProTour. Det franske finanskonsernet Crédit Agricole var lagets hovudsponsor frå 1998, men selskapet trekte seg ut etter 2008-sesongen. Laget blei lagt ned då sportsdirektøren, Roger Legeay, ikkje klarte finna ny hovudsponsor for 2009-sesongen. Nordmannen Thor Hushovd var kaptein og ei av de aller største stjernene på laget. Han sykla for laget frå han blei profesjonell syklist i 2000, og fram til laget blei lagd ned. Andre norske ryttarar som har sykla for Crédit Agricole er Mads Kaggestad (2003—2007) og Gabriel Rasch (2008).
Meritterte ryttarar
[endre | endre wikiteksten]Thor Hushovd
Stuart O'Grady
Christophe Moreau
Jens Voigt
Jonathan Vaughters
Bobby Julich
Chris Boardman
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |